Korleis skal eg starta?

Problemstilling: 
Du har eit skriveprosjekt. Det kan vera ei novelle, eit romanprosjekt eller ei lang forteljing. Uansett kva det er, er det vanskeleg å koma i gang, kanskje mykje av di det er so langt. Kanskje har du allereie starta, men du slit med å samla styrke til å fortsetja. Kanskje har du ikkje starta ordentleg ein gong.

Eit typisk råd eg ofte høyrer, er «vent med å skriva til inspirasjonen på magisk vis kjem strøymande over deg heilt av seg sjølv». Dette rådet er feil, med mindre du er ein person som skriv kvar einaste dag heilt utan problem. For då veit du at inspirasjonen vil koma i laupet av dagen. Viss du derimot ikkje er ein slik person, må inspirasjonen trenast inn. Det gjerast ikkje ved å sitja på ræva og venta.

Eg har det same problemet stadig vekk. Faktisk har eg det nesten kvar dag. Eg skriv nemleg på ein stilig roman, og eg har koma ganske langt ut i fyrsteutkastet. Diverre er det vanskeleg å fortsetja. Faktisk har det vorte so vanskeleg at eg har bestemt meg for at sjølv om eg eigentleg skulle prioritera romanen i år, er eg nøydd å skriva julekalender likevel. Dette vert 6. år på rad eg skriv julekalender, og eg vonar at med den skriverrytma som eg etter kvart vil koma inn i, og i laupet av desember kanskje vera fanga i, vil å fortsetja på romanen 25. desember ikkje vera noko problem. Eg har allereie skrive fyrste julekalenderkapittel. Det som har vore vanskeleg, er å skriva 2. kapittel.

TIPSET I DAG:
– Er rett og slett kva eg gjorde akkurat denne dagen. Du kan jo vri det om til å passa deg sjølv. Det fungerte iallfall for meg, slik som det har gjort kvart år:

Image
Det viktigaste når ein skal skriva er hjernen. Difor må ein ha hjernen med seg på laget før ein byrjar på fyrste linje. Det hjelper med andre ord ikkje å chatta på Facebook i eit ljost rom fullt av rot og distreherande menneske som spring rundt og skrik til kvarandre, medan ein speler Candy Crush. Viss du held på slik, og lurer på kvifor du ikkje har inspirasjon, so er det på tide å bruka nokre sekund på å tenkja seg om. Då er eg sikker på at du vil finna svaret på problemet rimeleg kjapt. Med andre ord gjeld det å ha hjernen klår. Hjernen kan vera klår etter ein har jogga seg ein tur, fått i seg oksygen og kvitta seg med den dirrande kjensla av at kroppen vil røyra på seg. Eller, ein kan velja eit tidspunkt der hjernen ikkje har fått so mange inntrykk enno. Til dømes tidleg om morgonen. Tidleg om morgonen er det tidspunktet som for meg vanlegvis fungerer best, ettersom eg enno ikkje har fått andre ting å tenkja på, og det dimed ikkje er andre ting som distraherer kalenderskrivinga.

Det fyrste eg tenkte då eg vakna i dag, var: «Det er på tide å skriva kapittel 2.» Eg har utsett det altfor lengje no, og det er på tide å gjera noko med det. Difor drog eg meg ekstra lengje, ettersom eg visste at å stå opp ville føra til at eg var nøydd til å skriva kapittel. Etter å ha sette meg opp i sengja, oppdaga eg at det var snø ute. Dette var ganske motiverande. «Høgare maktar er med meg!» konkluderte eg, og forstod at eg ikkje kunne la denne sjansen gå ifrå meg. Ofte hjelper det når naturen er på same lag. Viss det til dømes er fullt av regn og storm ute, kan det vera meir inspirerande å skriva. Vêret seier «hald deg inne og skriv», istadenfor «kom deg ut og leik!»

Det fyrste eg gjorde då eg kom ned – og då meiner eg det aller, aller fyrste – var å gjera istand. Ein kan nemleg ikkje berre kasta seg over Word-dokumenetet eller pennen, for då er ikkje hovudet forberedt. Iallfall er dette tilfellet med menneske som stadig ender opp med å ikkje skriva noko som helst. Eg opna datamaskinen, og gjekk ikkje inn på Facebook. På Facebook, eller andre spanande nettsider, endar ein ofte opp med å få nye inntrykk. Desse nye inntrykka distraherer. Deretter sette eg fram ein skål pepperkaker (smaken av desse kjøpepepperkakene har nemleg vore i munnen min kvar kalender i 6 år, so denne smaken sender meg ganske fort inn i rett stemning), og koka kaffi. Eg opna dokumentet, og tente eit eple- og kanelduftljos (ei lukt er forbinder med advent). Ved å gjera istand ting som minner meg om advent, tenkjer eg rett tilbake på desse desemberdagane eg har sitte og skrive for harde livet, kvar einaste dag, og hatt hovudet djupt inn i årets historie. Dette hjelpte. Med denne stemninga i botnen, var det ikkje spesielt vanskeleg å skriva vidare etter å ha lese siste avsnitt av kapittel 1. Plutseleg forstod eg korleis kapittel 2 skulle starta. Eg trong ikkje ein gong planleggja. Det kom heilt av seg sjølv! Og det er det som skjer, viss ein har hjernen sin 100% med seg. Viss hjernen ikkje held på med Candy Crush eller spanande intriger eller noko provoserande nokon sa, eller noko forferdeleg den nye regjeringa har sagt. Alt dette er irrelevant.

I korte trekk:
– Klårgjer hjernen (ved hjelp av rett tidspunkt på dagen, ein spasertur, trening, eller andre smarte ting)
– Plasser dokumentet eller arket på bordet før du skal til å skriva, slik at du får det inn at det er dette du skal rydda plass tilå halda på med
– Fyll sansene med ting som minner om skriving, om karakteren du skal skriva om, eller årstida du skal skriva om
– Ikkje ha distraherande element kring deg, som til dømes familie, rot eller ei bunke rekninger
– Ha mobilen på ljodlaus, og skru av det mobile nettverket so du ikkje får beskjeder opp heile tida, som distraherer deg frå skrivinga
– Ha det anten heilt stille i rommet, eller lytt til musikk som minner deg på sist gong du skreiv, eller om personen du skal skriva om
– ALDRI forlat arket/dokumentet under skrivinga, med mindre du til dømes må so fælt på do at du ikkje får konsentrert deg (å vera tissetrengt kan forøvrig auka intensiteten i setningene, so litt kan ein jo drøya det).

Viss du har tenkt å skriva no, ikkje berre opna dokumentet å kasta deg inn i det, men rydd fyrst plass. Lykke til.
❤ ❤ ❤ ❤ 3 ❤ ❤

Koz & Klemz
Doktor Daniel

Reklame

One thought on “Korleis skal eg starta?

  1. Jeg skriver også ganske godt om morgenen – uten at jeg har tenkt videre over nøyaktig hvorfor – men det er jo sant det du sier, om at hjernen er ren. Dette innlegget inspirerte meg! Er stadig ute etter nye metoder for å styrke selvdisiplinen til skrivingen. Jeg har et mål om å skrive i alle fall én time uten avbrytelser hver dag, det funker veldig godt når jeg først får det til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s