Alle kort på bordet

Eg har ein mann inni meg. Ein veldig intens, veldig påtrengjande mann, som vil koma fram, og som vil gjera båe det eine og det andre. Ein mann med ein mannekropp, som vil visa seg fram til folk, og som vil ligga med andre menn. Han vil ha ein mørk homsete stemme, og ein flott og stram rumpe. Han er ein hotshot. 

Utanpå er eg ein veldig, veldig liten gut. Eg ser ikkje ut som eg er 19. Eg ser faktisk ut som eg er 13. Eller kanskje til og med 12. Eg har ei ljos, ljos røyst, so ljos at folk av og til seier «åh, eg trudde du var ein gut eg, men no høyrde eg stemma di». Eg har eit feminint fjes, eit fjes som gjer slik at folk seier «ho» om meg, og når dei får høyra at eg eigentleg er ein «han», seier dei «åja he he det var grunna håret ditt». Eg veit jævleg godt at det ikkje er grunna håret mitt. Med kort hår trur alle eg er ei jente. Eg må faktisk ha litt lengde på håret mitt før nokon skjønar at eg eigentleg er ein gut. Viss håret er svart, ser dei fleste det. Viss det er ljost, tek folk feil heile tida.

Eg har òg ei kvinne inni meg, som òg er veldig sterk. Ho er ikkje like feminin. Ho er jævleg maskulin. Ho er tøff og sterk. Ho er heit, ho er ein hotshot, og når ho går bortover gata i skjørt og sminke, stoppar folk henne og seier «er du ein gut eller ei jente?» Folk spør om ho har operert vekk kukken sin enno, eller om ho har tenkt å behalda han. Ho svarer: «Det har faen ikkje du noko med». 

Ein gong i 9. klasse var eg den jenta. Ho gjekk i kor, og hadde kjempegod sjølvtillitt. Ho likte å sjå seg sjølv i spegelen, og ho likte å visa seg fram for alle. So skjedde det noko merkeleg, og ho døydde, og ein mann oppsto. Han heitte Daniel. Han byrja på vidaregåande. Han likte ikkje å ha so tjukke lår og so lite fjes, og so ljos stemme. Difor var han stort sett stille, og fekk ikkje til å prata. Han var veldig inneslutta og gjekk rundt for seg sjølv. Rikshospitalet skulle eigentleg hjelpa han med dette, slik at han kunne få mørkare stemme og sjå meir ut som andre gutar, men i laupet av dei tre åra han gjekk på vidaregåande, skjedde det ikkje ein drit, og han vart meir og meir miserabel heilt til han vart so miserabel at han ikkje ein gong fekk til å fullføra vidaregåande der han labba rundt i einsemd og hadde mest lyst til å døy. 

Mine indre bilete har vorte veldig feminine i det siste. Når eg går bortover vegen og passerer ei blank flate, ser eg dei svære hoftene og den gigantiske ræva og dei smale skuldrane og tenkjer «fy faen for eit syn». Ingen som går forbi meg på vegen tenkjer «der er ein hot hank» eller «sjå på han homsen der», som dei ville tenkt viss eg såg ut som ein vanleg gut. Dei tenkjer «ho der var jommen ei traktorlesbe». Før tenkte eg at det skulle ikkje vore slik, eg skulle ha sett annleis ut slik at folk tenkte det dei skulle tenkja, og slik at eg kunne gjera det som var naturleg for meg, ikkje verta overraska kvar gong eg høyrde røysta mi eller forskrekka kvar gong eg kjende på haka mi eller frustrert kvar gong eg ville knulla nokon. 

Men eg elskar den kvinnlege kjønnsrolla. Eg elskar å gå i stramme, feminine klede, korte, stramme, høge skjørt og ha på meg masse sminke. Når eg tenkjer på meg sjølv om ti år, og ser for meg ein mann, føler eg ei nøytral, litt ekkel kjensle av å skulle vera fanga. Det er noko endå meir maskulint og endå sterkare enn mannen inni meg som har pressa på og pressa på i ein god, god stund no, som eg har dytta vekk og dytta vekk, men no går det ikkje meir, og no må eg gjera det eg må gjera. 

EG ER IKKJE EIN MANN.

Eg er mest sannsynleg ikkje ei kvinne heller. Eg er noko heilt anna. Eg er ikkje ei ho eller ein han. Eg er ein hin. Og eg er hin er var i 9. klasse, den korte stunden i livet mitt då det meste verka rett.

Difor har eg shoppa nye klede, og farga håret mitt. Her er eg: 

Image

Trur eg skal vera slik ein stund. 
Og eg har tenkt å byrja å syngja igjen.

14 thoughts on “Alle kort på bordet

  1. Jeg er utrolig stolt av deg! Det er jævlig tøft av deg å «komme ut» enda en gang! Du er tøff som faen, og det er dritkult! 😀

  2. Du er tøffere enn toget, miljøvennlig som toget og mye vakrere enn toget noen gang kommer til å bli.

    Jeg bare nevner det, altså.

    😀

  3. Vet egentlig helt hvem du er, men føles som om jeg har kjent deg i evigheter! Vi ble venner på facebook i desember 2011 og jeg har alltid syntes at du var råtøff, selv om vi har hatt forskjellige meninger innen politikken så har jeg alltid likt å diskutere med deg!

    Det har ikke noe å si om du er han/hun. Du er du, tror ikke noen bryr seg om noe annet det. Det er personligheten din som er viktig, ikke kjønnet.

    • Eg har alltid følt det same om andre personar sitt kjønn, men når det gjeld sitt eige so vert det ofte noko meir personleg.

      Takk fork ålreite ord! Eg har igrunn alltid hatt sansen for deg òg 😀

  4. Så bra at du har funnet ut hva som funker for deg og at du har det bedre.
    Ville bare ønske deg lykke til og syns det er flott du er ærlig og åpen om dette. 🙂 Og det nye håret er sykt kledelig!

  5. Kanskje du skulle begynne å kalle deg for Kim. Det er jo ganske kjønnsnøytralt. Eller du kan bare hete Daniel/Danielle. Det er bare en tonefallsendring.

    Jeg håper forresten du tilgir meg når jeg fortsatt sier «han» om deg. For det kommer jeg til å gjøre. Sånne ting som dette tar tid å venne seg til.

    • Kjem nok til å fortsetja å heitta Daniel. ❤

      For meg er det det same om du kallar meg han, ho, hin eller den eller det (dei to siste er riktig nok ikkje so høfleg). Eg rekner med at dei fleste som vert kjende med meg i framtida kjem til å kalla meg for ho, og då er det jo kjekt om nokon kan vega opp for det med å kalla meg for han. Haha!

  6. På bua visste jeg ikke om du var gutt eller jente, men du var mitt store forbilde likevel. På buatreffet var du superhyggelig, og det er kjempekult av deg vise hvem du er.
    For øvrig er du en veldig pen jente 🙂

  7. Stå på! Det eneste som har noe å si er hva du føler – hva du vil; hva nå enn det måtte være.
    Jeg har det nok lett i forhold til deg, jeg er en hetrofil mann, og har siden kjønn og seksualitet ble aktuelt for meg hverken vært forvirret eller i tvil om det – jeg vil bare understreke at selv om jeg ikke har noe grunnlag for å forstå hva du går i gjennom, så har du min fulle støtte til å være akkurat den personen du føler at du er.
    Til sist; du ser veldig pen ut med det nye håret og toppen 😉

    • Det verkar som alle som ikkje er heterofile ciskjønna menn er nøydd til å gå igjennom ein eller annan form for identitetskrise i laupet av livet. Eg håper at det går over om nokre generasjonar.

      Takk skal du ha iallfall! : D

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s