Eit innlegg om legning og kjønn og slikt

Det er ikkje so lengje sidan nordmenn byrja å akseptera det faktum at det eksisterer legningar. Iallfall delvis. Framleis er det mange som ikkje skjønar at å forelska seg er det same som å forelska seg, og at å forelska seg i Gard er same konsept uansett om det er Ane eller Aksel som oppdagar at han er ein flott fyr. At å «forstå» at nokon kan falla for ein fyr som Gard, ikkje burde vera vanskelegare når det er Aksel som gjer det enn når det er Ane som gjer det, og at det faktum at Aksel liker Gard, ikkje betyr at Aksel vil vera jenta hans. At legning ikkje styrer kjønn, men at det tvert om er namnet på kjønnet som styrer namnet på legninga. At eit kyss er eit kyss, og at det eine kysset ikkje bør vera meir provoserande enn det andre kysset. Dei som kan finna likeverdig kjærleik mellom to menneske kvalmt, har ein pervers og hjernevaska tankegang.
SONY DSC
Eg har aldri kome ut eller inn av noko legnings-skap. Eg er faktisk ikkje spesielt kjend med fenomenet. Fleire gongar har eg vore vitne til andre menneske som har gått ut av skap, eller brent inne i skap, innrømt preferansene sine med skjelven røyst for deretter ei veke seinare hoppa ned frå ei klippe, av di nokon har fått dei til å tru at å elska nokon er ekkelt. Alle som har elska nokon, skjønar at det sit djupt og at å føla skam over kjensler som sit djupt er livsfarleg. Difor vert eg sint når noen seier: «Greitt for meg at han er homo, so lengje han held seg unna meg», eller «eg aksepterer deg» (som om det er dei heteronormative menneska si oppgåve å bestemma om noko er greitt eller ikkje), «eg forstår ikkje korleis det er å forelska seg i nokon på den måten!», som om ikkje å forelska seg er so enkelt som at ein berre forelskar seg. Som om slike detaljar endrar kjensla av det.

So har eg altso sett menneske som har kome ut av skap, eller ikkje tord å koma ut av skap. Eg hadde aldri noko skap. Kanskje det var av di eg ikkje hadde so mykje kjønn heller. Eg hadde hatt kjærast mange gongar, men plutseleg, ein dag, skulle folk stilla spørsmål om det, seia at eg var modig eller spekulera i korleis det intime fungerte, sitja slik og fantasera i detaljane, seia «æsj» og slikt. Likevel kunne eg ikkje ha brydd meg mindre. Eg skjønte ikkje noko særleg. Eg skjønar framleis ikkje noko særleg.

Lengje nytta eg ordet «bifil» om meg sjølv. Ordet «bifil» passa ettersom eg korkje utelokka å kunne føla forelskelse for jenter, eller for gutar. Dessutan kjende eg eit drag mot begge delar. So slo det meg at andre bifile menneske hadde forskjellege preferanser for gutar og for jenter.
«Slik er draumedama:
Slik er draumemannen:»
Det var ikkje so enkelt som eit draumemenneske, eller ein draumekjærast.
So, kvifor vil eg vera ein gut når eg ein kjapp periode kunne vera interessert i ein klassekamerat? Nei, sei det. Det var då merkeleg. Kanskje eg skal bli ei jente. Endra namn og uttrykk, byrja å drøyma om å vera nokon si jente. Vera ei heterofil jente som liker gutar. So, neste veke, når eg interesserer meg for ein person som er jente, so kan eg skifta tilbake. Då er eg ein gut. Då drøymer eg om å vera guten til nokon. Ein heterofil gut som liker jenter, og som vil ha heterofil sex med henne. Ein vakker dag forelskar eg meg i ein transvestitt, i dette tilfelle nokon som varierer kjønnsuttrykk frå periode til periode. Då må eg òg tilpassa meg, då må eg òg vera transvestitt, slik at eg heile tida er det motsette av kjærasten min. Det ville jo vera skandalaust viss me hadde same kjønnsuttrykk ein periode. Det ville jommen vera vanskeleg å forstå. Når han ein han, får eg lyst til å verta gravid med han. Når ho er ei ho, vil eg helst gjera henne gravid.

Istaden er eg – sjølv om eg ikkje er so enkel eg heller – kun meg. Kva eg er varierer ikkje etter kven eg har krøsj på. Korleis det kjenst ut å vera forelska, kjem anpå personen eg er forelska i, ikkje kjønnet til vedkomne. So er det kanskje mogleg at eg har preferanser som gjer slik at eg lettare interesserer meg for eitt type kjønn enn eit anna type kjønn. Det tenkjer eg ikkje so mykje over.

Eg fann dette uttrykket «panfil» ein dag. Det er eit fint ord. Eg liker menneske som er panfile. Dei sorterer ikkje på den måten som bifile ofte gjer. Dei blokkerer heller ikkje ute alternative former for kjønn, eller menneske som har levd på ein annan måte før enn dei gjer no. Dei ser tvers gjennom deg. Nokre av dei liker kanskje best femininitet. Feminine menneske. So kanskje  dei som regel forelskar seg i jenter, av di dei fleste som er svært feminine tilfeldigvis òg er jenter. Somme av dei panfile liker kanskje menneske som kler seg i kjole. Men, det er alltid ordet «menneske» som går igjen.
SONY DSC
(Hadde eit kjapt krøsj på ein fyr som gjekk forbi. Då fekk eg plutseleg lyst å vera heterofil jente, ettersom eg openbert ikkje kunne vera ein heterofil gut. So gjekk det over. No er eg ein gut igjen. I laupet av livet har eg gjort cirka 40 operasjonar. Som regel rekk eg ikkje fullføre ein operasjon før eg skiftar igjen. Eg må sei hormona har øydelagt mesteparten av fysikken min. Det er litt av eit strev å hoppa fram og tilbake frå østerogen til testosteron.)

Likevel veit eg ikkje om eg er fri nok frå detaljane til å kunne kalla meg ein panfil person. Eg har eit panfilt syn på andre menneske sitt kjønn, eg er ein slik person som som kallar andre menneske det dei føretrekk. Eit digert skjegg, svære musklar og mørk røyst, treng ikkje gjera det vanskeleg for meg å kalla deg «ho», viss det er det du liker. Det er berre ord. Ord kan ein såra andre med, eller ein kan kommunisera med dei. Nyttar ein dei til å såra, øydelegg det kommunikasjonen. Det er distraherande. Det er ikkje vanskeleg for meg å seia eit pronomen – det kan derimot vera vanskeleg for andre menneske å mista råderetten over eigen identitet. Det er litt som når nokon stel identifikasjonspapira dine og gjer kva dei vil med dei.

Det står forresten på internettet ein plass at å vera panseksuell ikkje inkluderer å tenna på dyr eller plantar. Heller ikkje menneske som er veldig, veldig mykje eldre enn ein. Med andre ord er sjølv dette vakre ordet ein bås som utelokkar noko. Det verkar snålt. Det høyrest kanskje ut som dette er eit tema eg har tenkt mykje på, og det kan vera, men eg har slett ikkje tenkt meg fram til eit ord som passar meg. Eg har heller ikkje klart å tenkja meg fram til kvifor eg skal ha eit slikt ord. Kva eg skal bruka dette til, anna enn å stenga vekk enkelte detaljar. Kvifor legning skal vera eit tema som menneske går og grublar og grublar over, kvifor ein ikkje føler ein får fred før ein veit kven ein skal lokka vekk. Kvifor ein ikkje berre kan elska dei ein elskar, forelska seg i dei ein forelskar seg i, tenna på dei ein tenner på – ein og ein, kvar for seg, som den dei er – eller eventuelt fleire på ein gong, viss det er meir normalt. So slepp ein å omdefinera seg eller omrokkera heile sin identitet viss det skulle skje noko ein ikkje hadde venta seg.

Eg landar altso på det stilige ordet carefil, som eg har kome fram til heilt på eigahand. Ordet seier ikkje noko om kva eg liker. Det seier berre at eg knapt kunne brydd meg mindre.

8 thoughts on “Eit innlegg om legning og kjønn og slikt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s