Du skulle ikkje overlevd

Du skulle ikkje sagt ifrå til nokon at du sleit. Du skulle ikkje ha strekt ut handa, eller gitt ut signal om at noko var gale. Du skulle heldt kjeften lokka. Du gjorde oss bekymra. Me gjekk rundt og var redde. Så fann me ut at du levde, og det gjorde oss sinte. No er me rasande. Av dette kan du læra at du må gjera det ordentleg neste gong. Ikkje overlev. Ikkje sei det til nokon. Lid i stillheit. Viss det finst nokon som kan hjelpa deg, ikkje finn dei. Ikkje kontakt psykologen din viss du får slike tankar igjen. Gøym merka dine. Brett ned erma. Korleis kunne du finna på å skjæra i deg? Korleis kunne du finna på å gjera noko som synest utanpå, sånn at eg oppdaga at det var noko gale? Gjer ting som ikkje synest, så eg ikkje finn det ut. Eg vil ikkje ha noko mellomting her. Eg vil ikkje veta noko.
Image
Dei seier alltid at du skal «snakka med nokon». Det er viktig å «snakka med nokon» om det som er gale. Snakk med ein ven, eller snakk med foreldra dine. Snakk og snakk. Viss du har nokre problem. Viss du driv med sjølvskading, eller viss du har sjølvmordstankar. Då er det viktig å prata.
Som regel finst det ikkje ord for slikt. Viss det hadde vore ord for slikt, hadde det ikkje eksistert sjølvskading. Så dei orda som kjem ut er ikkje alltid så konkrete og presise som ein vil ha dei. Det er heller ikkje alltid sånn at ein veit kven ein kan snakka med og kven som berre vert sinte viss ein snakkar til dei. I staden for å setja seg ned med eit menneske som kan hjelpa og seia «eg byrjar å verta redd for at eg skal gjera noko drastisk – som til dømes å ta mitt eige liv – viss desse tilstandane vert verre enn dei er no. Og det ville vore forferdeleg, for eg vil jo gjerne leva» – så seier ein heller «no går eg og hengjer meg!» og spring ut i skogen og vert borte lengje. Sånn at andre vert bekymra. Så dei får kjenna på den frykta som du kjennar på kvar einaste dag, og kanskje kan hjelpa deg.
Det verkar som regel ikkje. Det er vanskeleg å snakka med nokon, spesielt viss ein er 14 år og har liten innverknad på sitt eige liv. Folk vert sinte viss ting vert uttrykt på ein skummel måte, sjølv om det er skumle ting som skal uttrykkjest. Sjølv vaksne fornuftige menneske som burde veta betre, gjer dei mest forferdelege ting når dei oppdagar at ein ungdom har det vanskeleg. Spesielt viss ungdommen som har det vanskeleg har det vanskeleg på ein uanstendig måte.
«Snakk med nokon!» seier dei. Og etterpå ber dei deg seia unnskuld til den du snakka med, for at du plaga vedkomne. «Nøl ikkje med å seia ifrå!» seier dei, men når du seier ifrå tek dei ifrå deg verktøyet du sa ifrå med. Det viktigaste er plutseleg at du ikkje seier ifrå.

Eg er nitten år no, ikkje fjorten, og alt er forferdeleg annleis enn det var. Eg har ikkje lyst til å gjeva det rådet som eg plutseleg gjev, for det høyrest grusamt ut. Men, ein må vera varsam med å seia ifrå. Før ein seier ifrå, så kan ein gå rundt å tenkja at viss ein berre finn ein eller annan måte å skrika på, sånn at andre høyrer det, så vil det med ein gong skje eitt eller anna. Nokon vil taka hand om deg med ein gong og beskytta deg frå det som er farleg.
Dei vil ikkje be deg halda munn, skjella deg ut for at du opna kjeften, stilla seg kring deg på alle kantar og skjella og smella og skrika «aldri sei dette høgt igjen!»

Kan dette tolkast på noko anna måte enn «du skulle ikkje overlevd»? Når ein står utanfor er det klårt ein kan finna mange forskjellege måter å tolka slik åtferd på, men ikkje når ein er midt i det. Ikkje når ein er fjorten.

«Ikkje sei det til psykologen din viss du får slike tankar, sånn at eg får veta det og vert bekymra».
«Ikkje ring legevakta viss du har teke piller, for det er flaut for meg.»
«Desse såra må du gøyma.»
«Du må ALDRI seia slikt!»

Eg veddar på sjansen for sjølvmord aukar med 900% når ein går frå å tru at det finst hjelp, til å skjøna at å skrika berre vil føra til meir elendigheit. Sjølv så mange gongar ein lærer at ein skal snakka med nokon og seia ifrå, så er det berre kødd og løgn, for alle eg kjennar som har vore i liknande situasjonar. Kanskje sjølvmordstankane ville gått over viss ein heldt kjeft. Å få bekrefta at alle kring ein er sinte for at ein overlever, er ikkje slikt som får tankane til å bli borte. Mine mest destruktive tankar forsvann då eg hadde heldt stilt om det så lengje at alle hadde gløymd det.

Viss eg prøver å koma fram til noko i dette innlegget, så er det at den åtferda vaksne menneske viser ovafor ungdom som slit, er så hårreisande og jævleg at med mindre dei elskar sjølvskading og sjølvmordstankar og vil ha dobbelt så mykje av det, burde dei – de – med ein gong gjera ein alvorleg vurdering av måten å handtera ting på. Eg skjønar at det er vanskeleg å gøyma sine eigne inste reaksjonar, men desse inste reaksjonane er livsfarlege. Og eg veit at somme av dei mest sårbare ungdommane som eksisterer får dei slengt i trynet når dei prøver å skrika. Når dei opnar kjeften heller dei vaksna flytande bly ned i han, og når dei strekkjer ut handa vert handa maltraktert.
Image
Det er slett ikkje alltid dei mest ekstreme kjenslene varer så lengje, ein gong. Men, dei varer neppe kortare av dei reaksjonane dei vaksne overalt viser. Og det treng ikkje vera så  uhyre vanskeleg. Det går an å møta dramatiske handlingar og tankar med ein kopp te eller noko. Det går an å seia unnskuld, viss den fyrste reaksjonen ein har kome med har vore fullstendig urimleg. Ein kan sei «eg meinte ikkje at du skulle halda det hemmeleg og lida i stillheit sånn at me ikkje kan gjera noko for å hindra deg i å gjera drastiske ting». Eller ein kan sei «eg berre kødda då eg sa at det er verre at eg er bekymra enn at du døyr». Ein kan sei «unnskuld, eg som lærar, blei berre så fortvilt då eg tenkte på at eg kunne få skulda for at du tok ditt eige liv – men så kom eg på at livet ditt er viktigare enn ryktet mitt». Eller «den oppførselen eg viste inne på kontoret, var inhuman og ond. Unnskuld.» Du kan senda eit unnskuld-brev sju år seinare. Ti år. Tjeu. For det er ikkje sånn at det vert gløymd.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s