Fint vêr i dag

Det nærmar seg juni, og det er dritvarmt. Dei som jobbar i SFO har ei viktig oppgåve. Kva vil foreldre seia viss dei får høyra at barna deira har vore inne heile dagen, på ein så flott og solrik dag? Ut! Ut med dykk! Ut med dykk, barn! Kan ikkje vera inne no, i dag, når sola skin på himmelen blå og det ikkje er ein einaste sky å sjå. Ikkje ei krusing å sjå i fjorden, ikkje eit vindkast i lufta. Termometeret stig for kvart minutt, snart kjem det til å sprengja. Draumevêr. Sumardraum. Hipp hurra. Asfalt som steiker og boblar i sola. Sveitte som renn ut frå kvar pore i huda og fordampar når det når bakken. Kan ikkje sitja inne når ein kan steika ute.
Image
Fint vêr meg i ræva. Kvifor snakkar de alle om fint og flott vêr når sanninga er varme som stikk som tusen knappenåler som stadig søkk djupare inn i huda? Kvifor er fint vêr når sola står fullstendig blotta på himmelen utan nåde? Kvifor er fint vêr å verta grilla så heftig at ein ikkje kan røyra seg men berre må liggja stille og bade i si eiga og andre folk si sveitte? Når dei einaste som har det bra er dei som kan plaska kring i fjorden?

På skulen har ein ei grense som seier at viss det er for mange minusgradar så kan ein gå heim att. Sanninga er at viss ein vil kan ein ha med eit par ekstra genserar og drikka varm te eller kakao heile dagen. Allikevel er det alltid dei hutrande som vinn.
«Fyttikatta så varmt det er la oss opna vindauget!»
«Nei, nei, ikkje gjer det!»
Dei vinn alltid. Dei som gjer sånn at heile rommet luktar sveitte derimot, vinn aldri. Dei må pent finna seg i å steika så mykje i klasserommet at dei ikkje kan jobba med skulearbeidd. Det finst grenser for kor mykje klede ein kan taka av. Nokon kunne gjerne sitja nakne, andre likar ikkje det like godt. Det finst då ikkje nokon med kompleks for å taka på ullgenser, gjer det?

Det er hyggjeleg å sitja under teppe med kakao. Det er hyggjeleg å gå med ullgenser. Det er derimot ikkje hyggjeleg å liggja på ein benk med ei flaske vatn som ein stadig tømmer i andletet for å overleva, og kjenna at det ikkje vil hjelpa i det heile. Det er ikkje hyggjeleg å liggja i sveitte laken med ei klut på panna som stadig vert varm så ein må stå opp att for å henta ny.

«Faen, berre møkkavêr heile veka,» seier eg når vêrdama spår sol og varme og tresifra plussgradar. «Må nok halda oss inne». Det verste er august, skulestart. Eller slutten av juni når varma for alvor har kome. Venta på bussen, på asfalten. Søkja med augo etter ein einaste liten plass med skugge som ein kan klamra seg til – utan å finna noko som helst. Ein er fanga. Det er fem minutt til bussen kjem, tida går så sakte, så sakte. Varma kjem i aukande grad, og når ein sit på bussen har den jævla bussjåføren skrudd på omnen.

SFO er helvete for menneske med annleis kroppstemperatur. Dei som jobbar på SFO har det for seg at alle har nett den same kroppstemperaturen, og at dei som vil ta av jakka eigentleg berre er gale og elskar smerte:

Det var ein septemberdag der sola sto på himmelen og forsøkte å drepa alle som var ute. Asfalten kokte og bobla og steig opp mot himmelen som damp – hadde nesten vorte heilt vekke. Folk sparka fotball, men fotballen sklei i sveitte som hadde renne ut av skoa, og gjekk i skeive baner bortover lufta. Folk prøvde å bada i søledammen midt i skulegarden, men før dei rakk å stiga ned, hadde dammen fordampa. Me var i Helvete, og helvetesvaktar gjekk kring i skulegarden med parkdress med fôr, eller tjukke jakker. Eg låg på toppen av ei trapp, flat, på ryggen, med jakke på og augo igjen. Andletet var raudt og stønneljodar kom straumande ut av kjeften min utan at eg hadde noko makt til å hindra det. Daudskrampar var på veg. Eg var så forferdeleg tyrst, eg var midt i Sahara med boblejakke på. Eg tok ho sjølvsagt av. Var jo ikkje suicidal.
«Ta på deg jakka,» sa med ein gong ei helvetesvakt. «Det er september, alle må gå i parkdress eller jakke med fôr.»
«Det er jo varmt,» sa eg, og peikte på sola. Barn har ikkje lært dette med månader, dei kjennar berre på temperaturen.
«Nei, det er ikkje varmt, det er haust.»
«Kan vera varmt om hausten og, eg held på å sveitte ihel.»
«Nei, det gjer du ikkje, eg har parkdress på, og eg er ikkje varm.»
«Eg er varm! Eg er nesten daud!»
«Eg skjønar at du tykkjer det er kult å gå i lite klede, men du kan verta forkjølt.»
«Eg kan verta forvarma!»
«Slutt og tull!»
Me krangla og krangla og krangla, og akkurat då eg følte eg hadde forsvart saka mi godt, kom ei helvetesunge – ja du veit, barn er sadistar – med jakke på. Rosa. Klamra seg til seg sjølv, skalv på heile kroppen og ga uttrykk for at ho var alt anna enn varm.
«Eg tykkjer ikkje det er varmt,» sa ho. Det var prov nok for helvetesvakta til at eg aldri vann saka nokon gong.
«Der kan du sjå,» sa helvetesvakta, «det er ikkje varmt! Ta på deg jakka!»
Der sto ho og tvang på meg jakka med fôr, fôr som ikkje lenger var fôr, men spikrar. Sånn var det på SFO. Eit totalitært temperatursyn.

Sjølv om dei fleste hadde elska å vera midt i ein kolsvart container midt i Sahara midt på dagen og midt på sumaren, finst det folk som døyr av den slags. Det er faktisk ein torturmetode enkelte plassar. Det same er å steika på asfalt med boblejakke på, eller å sitja i eit klasserom og må lukka vindauget av di nokre idiotar tykkjer det er «trekk». Ta på skjerf. Eg kan ikkje ta av huda på halsen. Det er ikkje fint vêr. Det er sol. Det er møkkavêr.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s