Ofte når eg går inn i eit rom, er det fyrste som slår meg at eg heller burde vera daud enn å gå inn i dette rommet. Det hadde båe gitt meg meir merksemd óg betre omtale. Det høyrest dølt ut å seia det på den måten, men fakta er at det heile er forferdeleg dølt. Det finst knapt noko meir dølt enn det. Altså å gå inn i eit rom med folk i. Eg tviler sterkt på at det er enkeltindivida som er problemet – problemet er den kulturen som oppstår i Noreg når mange menneske kjem saman og vert folk. Folk er ei anna form for menneske, ei form for menneske som trekkjer seg saman i ufyslege grupperinger som ikkje slepp inn noko utanifrå. Det er det som er dumt med å koma inn i eit rom, og det er difor det ofte er best å unngå situasjonar der ein vil enda opp med å gå inn i eit rom – med folk i – dersom dette er mogleg og dersom ein ikkje finn nokon å ta med seg inn i rommet. Eg seier ikkje at det treng å vera betre i andre land. I andre land ser folk kanskje hyggjelegare ut, og kanskje er dei òg betre å ha med å gjera i korte periodar, men eg er heilt sikker på at over tid så er det eitt-eller-anna problem som oppstår av di menneske ikkje er individ men ei masse som rottar seg saman. Det er forresten ein grunn til at det heitte å «rotta seg saman». Har du sett ei rotte? Ei rotte er eit hyggjelege lite individ som òg kan vera særs intelligent og ein god ven. Ein flokk med rotter derimot, kan – og i mandre situasjonar vil – drepa deg. Og hunden din.
Og så seier dei «unnskuld» til kvarandre heile tida. Dei seier unnskuld for alle moglege ting – okei, det er riktig nok betre enn dei menneska som dyttar folk vekk når dei skal forbi, sånn som mange nordmenn gjer – men kvifor seier dei unnskuld for at dei spør om vegen, eller for at dei gjev eit kompliment?
«Unnskuld?» seier dei. «Kan du fortelja meg vegen?»
Det høyrest sikkert høfleg ut, men det som ligg bak er ikkje like hyggjeleg. Det som ligg bak, er «det er fælt å snakka med framande menneske, og eg burde eigentleg ikkje gjera det i det heile teke – men det at eg ikkje veit kva veg eg skal gå, gjer at eg er nøydd til å gjera det allikevel – unnskuld». Viss ikkje det var noko gale i at menneske snakka til kvarandre, så ville dei heller ikkje sagt «unnskuld» for at dei gjorde det.
Viss me ser vekk ifrå alle rasistane som elskar å spreia kring seg med eder og galle, så ville det framleis ikkje ha vore rart om mange frå andre land, som kom til Noreg, levde i den tru om at nordmenn var rasistar. Kva skal ein eigentleg tenkja, viss ein kjem frå eit land der folk er glad for at dei ikkje er dei einaste i verda, til eit land der kvar og ein skulle ynskja hen hadde heile bussen for seg sjølv, og hatar det faktum at ikkje hen og venegjengen er dei einaste ti menneska på heile jordkloda? Når folk snur seg vekk i forrakt, fnyser hånleg og ser vekk når du kjem, verkar det naturleg at dei har noko imot deg. Spesielt viss ikkje du på førehand er informert om at det berre er sånn dei er.
Eg er sikker på at det finst ein heil haug av menneske i Noreg viss einaste fysiske kontakt er når andre menneske skumpar aggressivt til dei på rutebilstasjonen. Kanskje oppsøkjer dei rutebilstasjonen eine og åleine for å oppleva denne fysiske kontakta.
Frå skulen er noko som går att og att, på kvar einaste plass eg har vore, setninga «ingen kan jo tvinga oss til å henga med nokon me ikkje likar». Gjerne som argument for ikkje å bli kjend med nye menneske. Ja. Sjølv på dramalinja, der alle liksom skal kunne kommunisera for å få ting til å fungera. Den ekstreme motvilja mot menneske ein ikkje kjennar frå før. Når ein tek miljøet opp til tema. Korleis få ting til å fungera? Kanskje folk må snakka meir med kvarandre? «Nei. Ingen skal tvinga meg til å snakka med nokon eg ikkje likar». Alvorleg. Sånne replikkar burde få heile klassen – arbeidsplassen – eller kva no enn det er – til å bryta saman i latter. Det er iallfall det eg gjer, når eg sit åleine og tenkjer på det. Dei gongane eg ikkje heller får lyst til å riva istykker eit papirark eller slå eit magasin hardt i bordet eller – i verste fall – hella glovarm kaffi over ein medelev.
Når eg kjem inn i eit rom med fenomenet folk i seg, får eg lyst til å skrika unnskuld så høgt eg kan, men eg er ikkje spesielt god på dette med skriking. Difor er det lettare å smyga seg. Eg er framleis bitter på situasjonar som ungdomsskulen og barneskulen der det er heilt umogleg å påverka kva miljø ein kjem inn i, av di den klassen ein får berre får ein og sånn er det, og viss klassen tilfeldigvis er ein ond klasse så synd for utdanninga di. Folk kjem stadig i vegen for utdanninga, sjølv om det er utdanninga ein er der for. Kvifor det?
Eg skulle likt å finna ut nøyaktig kva det er som gjer at folk ikkje fungerer. Det er jo ikkje særleg logisk. La oss tenkja på det som eit pluss-stykke. Dei fleste individa er gode. Somme betre enn andre. La meg gjeva dei godheitspoeng. 1 er ganske lite god, 10 er veldig, veldig god. Og så er det kanskje eit par av dei som går i minus. Burde ikkje svaret vera eit positivt tal? Når mange menneske med gode eigenskaper kjem saman til ein flokk, kvifor har flokken eit minusteikn? Er det det at det alltid dukkar opp eitt individ som øydeleggjer alt? Men dette individet er jo òg som regel ålreit når det er åleine. Det er få individ som verkeleg går i minus, alle saman går kun i minus med ein gong dei kjem inn i flokk. Så kva er det med flokk? Kvifor vert dei mest fabelaktige, imponerande og lure menenska til onde idiotar med ein gong dei kjem saman med andre fabelaktige, imponerande og lure menneske?
Du skriver utrolig godt om dette. Særlig interessant det med positive tall som blir negative sammenlagt, for det er virkelig et godt bilde på fenomenet. Jeg tenker frykt for å bli dømt er den røde tråden i dette, i alle fall den største faktoren til flokking, som egentlig aldri opphører helt, selv om ungdomsskolen er ferdig for lenge siden.