Anti-idol

Eg har ingen idol. Grunnen til at eg ikkje har nokon idol, er at eit idol neppe ville hatt noko positiv effekt på meg. Dei menneska eg måtte finna på å ha lyst til å vera som, gjer meg meir misunneleg enn motivert. Med andre ord demotivert. Samstundes, når eg tenkjer tilbake på dei menneska som har fått meg til å jobba hardare med dei delane av meg sjølv som eg likar, er det definitivt ikkje tomt i hovudet mitt. Det finst menneske – ikkje berre eitt, men forferdeleg mange – som har fått meg til å gå framover, jobba hardare, verta snillare, byggja opp sjølvdisiplinen, tenkja smartare tankar, reisa meir, seia fleire hyggjelege ting til andre, teikna meir, skriva meir, oppføra meg på ein mykje kulare måte, lesa fleire bøker, sjå mindre på TV og ikkje minst skaffa superego. I frykt for å bli som dei.

Image

Då meiner eg dei menneska som får meg til å stå opp om morgonen ved å liggja å sova heile dagen, dei som får meg til å tenkja positivt ved å tenkja negativt om kvar einaste eksisterande ting sjølv, dei som får meg til å verta betre til å kommunisera ved å vera sosialt tilbakeståande sjølv. Dei menneska med så sterk sosial angst at eg byrjar å gå ut for å møta andre menneske, dei som er så hekta på mørkret at eg sjølv byrjar å sjå på barnefilmar. Dei som fekk meg til å smila når eg gjekk på skulen ved å sjå så sure ut at eg måtte kompansera. Det fungerer perfekt for meg.

Samstundes ser eg at andre menneske ikkje er like glad i sine anti-idol. Dei seier ting som «eg vil aldri vera kring dette mennesket lenger, for dette mennesket har mange negative eigneskapar som smittar over på meg og gjer meg til eit dårlegare menneske. No skal eg slutta å vera kring dette mennesket, og i staden berre vera med dei menneska som er på nøyaktig same nivå som meg sjølv». Ikkje av di dei jaktar på menneske som er betre enn dei sjølv, for å ha nokon å strekkja seg etter – folk som ein kan strekkja seg etter, er som regel menneske som «trur dei er noko», eller «trur dei er betre enn alle andre» (der dei eigentleg meiner: «som veit dei er betre enn meg»)
Image

Irritasjonen over andre menneske sin manglande evne til å sjå seg sjølv utanifrå og til å tenkja ut kven dei vil vera og kvar dei vil gå for deretter å pressa seg sjølv i den retninga, er den einaste grunnen til at eg har noko som kan minna om eit superego. Før hadde eg lite av det. Eg såg meg sjølv innanifrå, og gjorde berre det som freista mest akkurat i det sekundet eg bestemte meg for kva eg skulle gjera. Det var aldri noko stemme som sa «kva vil du vera mest nøgd med å ha gjort når du leggjer deg i kveld?» eller «om eitt år, kva kunne du tenkja deg å ha brukt året til?» Og viss nokre sånne tankar skulle koma, ville «kva er ENKLAST i akkurat dette sekund» bestemma. Mange menneske meiner at den eine tingen som gjer menneske annleis enn mange andre dyr, er nettopp den stemma som sit på toppen og prøver å styra alle dei andre kjenslebaserte stemmene. Stemma som seier «slutt og tull» når den andre stemma seier «eg vil aldri stå opp eg vil liggja å dra meg resten av livet…»

Det er utelukkande menneske som er dårlegare enn meg, som driv meg framover. Menneske som har ein dårleg eigneskap som eg delar, men gjerne ganga opp i 100. Dei som gjev meg gåsehud og utslett og frysningar, men når eg tenkjer over det, minner skremmande mykje om noko eg kan kjenna att. Får meg til å tenkja: «tenk om det er sånn andre ser meg – det må aldri skje».

Desse menneska får meg til å fullføre skriveprosjekt ved sjølv å aldri vera i stand til å fullføra noko som helst – dei får meg til å rydda rommet ved å ha det rotete sjølv – dei får meg til å løpa rundt som ein slave i huset ved sjølv å aldri hjelpa til med husarbeidd. Dei er skuld i at eg går ut og joggar, gjennom at dei sjølv «ikkje orkar………….. ååååh……..», og til å sjå dei positive sidene i eit menneske gjennom å baksnakka det same mennesket.

Eg trur ikkje hadde kome langt, utan desse anti-idola. Eg veit om ein rekke negative eigneskapar eg ville ha hatt i tidobbel grad viss ikkje dei hadde vist meg kva som ville skje viss eg bygde vidare på desse dårlege eigneskapane. Dei står det til skrekk og åtvaring til alle som er på veg i same retning. Og ein må ikkje sjå vekk når dei dukkar opp, eller springa sin veg i frykt for å enda opp som dei. Det er kun frykt for å oppdaga at ein eigentleg er på veg i same retning. Og viss du ignorerer det og held fram på same måte istadenfor å ta ein kikk:
Image

No håper eg inderleg at viss nokon av mine anti-idol kjem over dette blogginnlegget, vil dei
a) ha for lite sjølvinnsikt til å kjenna seg att og verta sint
b) tenkja «… blogginnlegg… blæææ… orkar ikkje lesa… gidd ikkje…»
c) kjenna seg att, skjella meg ut i alle retninger, og på same tid sørga for at eg aldri meir kranglar med dei som viser meg mine eigne dårlege sider.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s