No har eg tenkt meg om i cirka ein halvtime, medan eg opplevde intens skrivarkløe. Så var det plutseleg eit menneske som sa:
«Hei, Daniel!
Eg bestemte meg for å skriva om søppel, om dynga, om kasting, og om jakt. Sjølv om eg er vegetarianar, betyr ikkje det at eg ikkje går på jakt. Det finst nemleg ei form for jakt som er mykje meir konstruktiv enn å fjerna dyr frå skogen. Det er nemleg mange dyr som allereie er fjerna frå eksistensen, men som er flytta til ein kontainer, der dei ligg og vert møre heilt til dei råtnar. Så lengje folk har lyst på den slags, burde dei absolutt jakta på denne måten. Det er riktig nok ikkje dette eg går på jakt etter, sjølv om eg ville ha gjort det om eg hadde fleire kjøtt-vener. Det kastast nemleg mange andre ting óg.
Fyrste gong eg vart introdusert for friganisme, var via Putsj. Då lærte eg mykje spanande. For det fyrste lærte eg at det var kontainarar bak butikkar. Det visste eg ikkje. For det andre lærte eg at butikkane kasta masse mat. Det hadde eg ikkje tenkt på før. Og så lærte eg at det går an å få tak i maten utan å jobba i butikk. Det var óg nytt.
I heile verda kastast to milliardar tonn mat kvart år – dette er halvparten av all mat. (Ifylgje rapporten «Global Food; Waste Not, Want Not» frå Institution of Mechanical Engineers) Dette er ikkje spesielt hyggjeleg å tenkja på. Det er med andre ord ikkje eit problem at mengda mat er for låg i verda. Mange som har jobba på butikk veit at sjølv om dei kunne ha teke mjølka med seg heim for å drikka ho, må dei hella ho ut i vasken i staden og kjøpa sin eigen mjølk. Sånn er reglane. Reglane er til for å tena pengar. Det er viktig med økonomisk vekst. Samfunnet er så basert på økonomisk vekst at alt anna er uviktig. Hurra for økonomien, og ned med båe planeten og alle dei stygge vesna som bur på han.
Eg klødde etter å hiva meg på denne spanande bølga med kontainardykkarar.
Om sumaren fekk eg besøk av ein ven, og me bestemte oss for å sjekka ut dette fenomenet. Difor sto me opp klokka halv fem neste morgon, så me kunne rekkja innom alle butikkane i nærområdet før dei opna. Me kasta oss på kvar vår sykkel. Den fyrste butikken me nådde fram til, hadde berre tomme kontainarar med ingenting i. Mykje kunne tyda på at maten vart kasta på innsida. Me fann allikevel gårsdagen avis, så han tok me med oss. Så sykla me heile den lange bakken opp til neste butikk. Her fann me mykje stas, hovudsakeleg i form av bananar og jordbær. Desse var det ikkje noko gale med, så me putta dei i korga. Då me gjekk ut av huset den morgonen hadde me aldri førestelt oss kor mykje me kom til å finna. Hadde me visst det, ville me ha teke med oss kvar vår sekk. Me trudde korga på sykkelen og den lille sekken ein av oss hadde på ryggen ville halda.
Her er fleire ting. Dette er frå ein einaste tur, i den lille byen Horten. Utanfor ein av butikkane sto alle brøa ute, noko som var ganske imponerande. Det såg faktisk ut som om det var meininga at me skulle ta dei. Det var mange måker som hadde finne dei óg, og desse forsynte seg ivrig. Eg elskar måker. I kontaineren bak denne butikken har eg i ettertid aldri finne noko som helst, men denne fyrste dagen, der universet kanskje håpte å gjeva meg meirsmak, fann me båe plastposar (som var heilt fine, men som kanskje hadde endra design eller eitt-eller-anna – eg har framleis desse plastposane i skuffa, så når eg pakkar ting inn i plast kan eg trøysta meg med at eg ikkje kjøpte plasten), smoothie, cider og 30 flaskar Corona. Heftig. Me fekk naturlegvis ikkje plass til alle flaskane i sekken, så me sykla opp og henta nye flaskar dei neste dagane.
Eg ville aldri ha kjøpt øl på eige initiativ. Eg fekk forøvrig smaken på det den sumaren.
Å besøkja søpla var spesielt spanande før eg vart vegetarianar. Er det noko ein ikkje treng å kjøpa i butikken, så er det kjøtt. Kjøttdeig, pølser, vingene til kjuklinger, indrefilé – og så vidare og så vidare. Å kjøpa kjøtt er idioti. Det er dyrt, det er ikkje mørt og dessutan støttar ein kjøttindisutrien (som er eit kapittel for seg sjølv). Viss kjøttet er dårleg så kan ein fint merka dette med menneskeaugene, menneskehenda og menneskenasen. Folk undervurderer sine eigne sansar. Dei trur dei må sjå på datostempelet. Og sjølvsagt er det ikkje sånn at datostempelet seier noko om den nøyaktige datoen der kjøttet plutseleg vert forderva. Å opna lokket på ei søppelkasse er deprimerande. Det kan vera gøy med kjensla av å lura systemet når ein ikkje bidrar til veksten deira, og når ein snikjer seg unna planen deira, og når ein kan eta noko som ikkje har ein ekkel bismak av overproduksjon og pengar. Alt kjøtet derimot, er eit ekkelt minne om kor mange dyr som vert drepne ikkje berre utan grunn (utan grunn nr 1: nam nam nam kjøtt), men i tillegg utan grunn. (utan grunn nr 2: går rett i søpla)
Denne morgonen kunne me forøvrig laga frukosten vår av 100% søppelmat. (Kaffien var eit uttak, men kaffi er ikkje mat) Smoothien, brødet, pålegget, juicen. Me orka ikkje ein gong å eta opp alt, men framfor å kasta maten i søpla, delte me med det biologiske mangfaldet som eksisterte på Møringa den dagen.
Ein flott sport. Stå opp tidleg, henta brød bak butikken, mata måker. Det finst mange festlege aktivitetar som folk flest ikkje veit om. Aktivitetar som, blant få, ikkje skader nokon. Den einaste eksisterande måten å få utlaup for båe jerrigheit og miljøentusiasme på ein gong. Eg berre seier det.
Jeg er imponert over mengden av mat på kjøkkenbenken! Og over entusiasmen!!
Eg har lyst til å gå på bossdykking ein gong. Men det er litt kjipt å vera veganer då, for det er masse mat som eg må la bli liggjande. I tillegg så bur eg såpass ut på landet at dei fleste butikkane har avtalar med ein eller annan grisebonde. Har vore litt på jakt i byen då, men eg finn ingen matbutikkkontainerar! Har høyrd eit rykte om at dei har eit eige rom for bosset…. Men, skitt, hadde ikkje hatt noko i mot å finne 30 flasker med Corona!