Då eg var liten, trudde eg at dei i verda som ynskja å gjera verda vondare, oppriktig hadde «vondare» som intensjon. At dei planla korleis dei kunne gjera verda meir utrivleg for andre, utan å leggja det minste skjul på at det var dette som var planen deira. Etter kvart som eg vart eldre og vart eksponert for dei verkelege skurkane, skjønte eg fort at for å få folk med seg på planen, har dei ikkje noko anna val enn å lata som dei ynskjer det beste for samfunnet. Ei periode trudde eg til og med at dei gjorde akkurat dette – ynskte det beste for samfunnet.
Meistarskurkane – dei som ikkje prøver å leggja skjul på at dei er skurkar som vil øydeleggja Jorda – er opne om at dei er slemme. Og dei nyttar «snill» som eit skjellsord. Dei seier «no må me vinna over dei snille!» og «æsj, eg likar ikkje dette politiske partiet, for dei er nemleg snille!» Men, i den verda me lever i no, gjev ikkje «snill» i seg sjølv så negative asosiasjonar at ein kan snakka om det som om det var noko negativt. Det gjev allikevel ikkje så gode asosiasjonar – i eit land der mesteparten av folket er kaldare inni seg enn vêret dei bur i om vintaren – at ein ikkje kan nytta det som noko negativt på nokon som helst måte.
«Så, folkens, korleis kan me få snill til å høyrest ut som noko grusamt utan at nokon gjettar seg til at me ikkje likar snillheit, men slemheit?»
«Me må for det fyrste ikkje snakka om slemheit. Me må snakka om manglande kjærleik.»
«Nei, det gjev heller ikkje positive asosiasjonar.»
«Me vil ha fri dempar på kjærleik – er ikkje det positivt, då?»
«Kva viss me berre kallar det friheit? Det me eigentleg meiner, er at landet vårt skal ha friheit til å vera så slemt det berre vil, utan at dei dumme menneskerettane skal setja ein stoppar for det.»
«Så korleis skal me få snill til å verka slemt? Korleis kan me seia dette er gale, for det er snillheit!, utan å høyrest heilt koko ut?»
«Kva om me byttar ut endinga med noko som gjev negative asosiasjonar? Sånn som islamisme… nazisme… kommunisme… ekstremisme…»
«… SNILLISME!»
Og det verste er at det verkar. Ingen ser at det er snillheit dei rakkar ned på. Når dei argumentarar for færre menneskerettar, medan dei skrik «snillisme!» når nokon føreslår å vurdera handlingane sine meir utifrå menneskerettane som finst.
No er det like før dei kan gå med desse fanane, og folk vil, utan ein gong å nøla, tenkja at ja, det handlar jo om friheit, så det er jo positivt. Friheit i denne samanhengen betyr ikkje det same som når du slepp ein fugl ut av eit bur, eller når du slepp alle jødane og homsane og misforstra på ein gong ut av konsentrasjonsleiren og seier «gå kvar de vil og gjer kva de vil». Det betyr ubegrensa. Ubegrensa kan vera kva veg som helst. No meiner me friheit som i usolidarisk og som i ubegrensa kaldt og som i friheit frå rettigheitar og frå alt som har med menneskeverd eller andre-dyr-verd for den saks skuld. Friheit frå Snillisme.