Fem dagar med notatblokk, omringa av desperate sexistar.

Gutar søv alltid lengje, det er difor eg kjem for seint på skulen. Eg kan ikkje ha tights på meg, for eg er jo gut. HAHA! Rolla mi er inkjekjønn? Kan ikkje vera inkjekjønn med tights! Jentene kan ha tights, og så kan gutane ha bukser! Då vert det ikkje noko skilje!!! Eg er glad eg ikkje er jente, for då slepp eg å ha på meg sminke! Alle jenter må nemleg gå med sminke, og det er ikkje sant at det finst gutar som hadde vore finare viss dei dekte til fjesa sine litt med sminke. Du er ikkje gut viss du bruker sminke, det er akkurat som om eg skulle putta ein tampong oppi ræva. Tampongens funksjon er å gjera folk til jente.

Image
Eg har forøvrig ikkje med meg paracette på skulen, kvifor spør du meg om det? Gutar har aldri med seg paracette på skulen, det er jenter som har med seg paracette. Jenter har alltid med seg paracette. Gutar har aldri med seg paracette. Kva sa du? Er det ikkje deilig å vera støl? Det er av di du er jente. Jenter likar ikkje å vera støle. Eg derimot, er gut, og eg likar å vera støl. Gutar likar å vera støle. Eg likar å vera støl av di eg er gut. Veit du kva? Folk driv og tek feil av E18 heile tida, og unnskuld at eg seier det, men dei fleste av dei er damer. Det er difor dei tek feil av E18. Og så driv dei og vaskar bil i undertøy. Nice. No skal eg dra å pressa benk. Eg driv med benkpress. Eg er ein gut, og difor gjer eg det. Eg er redd eg skal slutta å vera gut viss ikkje eg gjer det kvar dag. Jenter gjer forøvrig aldri det. Dei likar ikkje å ha musklar. Men dei likar gutar med musklar. Eg likar ikkje gutar, for eg er gut. Eg kjennar ein gut som likte ein gut. Haha, that’s a dude. 

2 thoughts on “Fem dagar med notatblokk, omringa av desperate sexistar.

  1. Tihi. Innerst inne håper jeg at dette er den uredigerte versjonen av en notatblokk du har. Det ville nemlig ikke overraske meg særlig, ettersom det ikke er uvanlig å møte på folk som sier slikt. Selv er jeg ikke helt uten skyld, for jeg sier begrunner ofte ting med «fordi jeg er liten, søt jente» eller «fordi jeg er stor, tøff mann». Selvfølgelig hjelper det at ingen av merkelappene passer, og at jeg bruker begge like mye om meg selv. Men likevel.

    Min teori er at jo lenger vi fornuftige, oppegående mennesker frigjør oss fra konseptet kjønn, jo mer begynner disse sexistene å tviholde på sine egne fordommer. De kan ikke påpeke sitt eget kjønn, og sin kjønnsstereotypiske adferd, ofte nok.

    Mulig de er redde for å miste manndommen sin i all denne frigjøringen, mulig det blir et stort tap dersom det er alt de er. Kanskje prøver de ubevisst å kompensere for denne utviklingen med å bli ekstra maskuline. (For det er vel som oftest menn, dette?) Vanskelig å si. Den siste, dog enkleste, forklaringen er at de er like stereotypiske i hodene sine som utenpå, og at de ble slik ved å se for mye på amerikansk hip-hop. Mulig det er slik det hele henger sammen.

    • Eg trur iallfall eg kan skriva under på amerikansk hip-hop delen. Eigentleg alt som byrjar med «amerikansk».

      Det eg slit med, er å forstå grunnen til å forklara kvar einaste handling ein gjer med kva kjønn ein er. Eg likar å tenkja at eg gjer ting av andre grunner enn kjønn. Det hadde vore nedbrytande viss eg ein dag fann ut at absolutt alle eigneskapane mine var ting eg desperat gjorde for å minna meg sjølv på at «eg er ein mann!», og det var det einaste.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s