Eit vanleg virus blant folk som skriv, er «eg kan ikkje skriva, buhu». Folk er forferdeleg lei seg når dei ikkje kan skriva. Det er eit stort hol i livet deira, men allikevel vil dei ikkje gjera noko med det. No snakkar eg for dei som eigentleg brenn for det. Som har det i seg. Det er eit stort tap å sjå at ein ikkje kan skriva. Det skjer ofte når ein kjem opp i tenåra ein stad. Det byrjar som ein kritikarrøyst som vekkjast til live og får dei til å skriva mindre av di dei er meir opptekne av kvalitet enn «kvantitet», som dei kallar det. Dei ser på det som eit positivt trekk å skriva lite, av di det betyr at dei leggjer meir i det dei skriv. Dette fører til at dei kjem ut av trening, og kritikarrøysta vert endå klårare og endå høgare. Og så sluttar dei å skriva. «Eg får ikkje setningane til å flyta saman», «det vert hakkete», «ikkje noko flyt» og «ikkje levande». Det har gløymt kvifor dei skreiv. Alt er berre overflate.
Det er jævleg irriterande å sjå, av di det som regel rammar dei som er dritgode. Personleg kunne eg ikkje brydd meg mindre om kva dei sjølv føler om det dei skriv, eller om sjølvtilitta deira. Dei kan hata det dei skriv for min del. Problemet er når dei sluttar å skriva, sånn at eg ikkje lenger kan lesa det. Dei fleste av dei skjønar at viss dei berre byrjar å skriva oftare, så vil flyta venda tilbake. Men så er det så vanskeleg å starta opp att. Ein vil jo heller sitja på Facebook eller kva no enn det er ein driv med for noko.
Viss du brenn for noko, er det ikkje sant at du ikkje har tid til å halda på med det. Viss det verkeleg er dette du vil, så må du laga deg dit. Viss du faktisk vil halda på med det resten av livet. Folk seier «det er mange som ikkje får det til, og då har dei ikkje noko anna», men viss ein ikkje satsar fullt og heilt så er det nesten heilt sikkert at ein berre kan gløyma heile driten. Sjølvsagt har du tid. Du kan låsa deg inn på skuledassen i friminuttet å skriva. Det er berre kødd at du eigentleg skulle gjort leksar. Du gjer jo ikkje leksar uansett. Du hengjer med Folk og snakkar om Kødd. Det er ikkje så innmari Satans viktig.
Eg er sur for at eg har prioritert skrivinga mi så lite i det siste. Det er litt av di det var så forferdeleg demotiverande at dei la ned Skrivebua og at eg ikkje lenger har nokon som kan muntra meg opp. Og det er litt av di eg tenkjer «gidd ikkje». Skjønar ikkje kvifor eg tenkjer det. Dette er jo det einaste eg veit med sikkerheit at eg har, og allikevel er eg dust nok til å la det døy.
Eg har gjerne eit hovude og ei historie som eg vandrar i konstant i cirka tre år på kvar av dei. Når dette skjer, utviklar historia seg, og eg er djupt inne i det, og det er dessutan svært spanande. Før i tida, då eg ikkje hadde kritikerstemma som snakka om setningar som ikkje ville flyta, så skreiv eg konstant. Då skreiv eg gjerne mange sider kvar dag, utan noko spesiell tanke om korleis det skulle sjå ut for dei som las det. Det var sånn eg vart god. No er eg for oppteken av å vera god til å få fram historia eg vil ha fram, eller til å utvikla meg i det heile. Og historia eg har vore inne i dei siste tre åra, byrjar å forsvinna no. Utan at eg har skrive det. Eg har gått rundt i ei anna verd utan å gjera noko som helst positivt ut av det. Det er som om heile greia berre døyr. Det er satans trist, og eg har ikkje tenkt å la det skje endå ein gong, for det har nemleg skjedd svært mange gongar allereie. (Har ein ambisjon om å ta opp historia ein gong i framtida)
No har eg fått ei ny. Eit nytt menneskesinn som er interessant, og ei ny historie. Eg har skrive nokre sider. Denne gongen skriv eg hulter til bulter, eg skriv ilag med Stine (som er ein av desse «eg kan ikkje skriva»-dustane og eg må tvinga ho i fem timer kvar gong det er jævleg keisamt) og eg har bestemt meg for at dette ikkje skal døy utan vidare. Det er smart av meg! Det har nettopp kome i hovudet mitt, og me har nettopp starta. Eg har lyst til å fylgja denne historia heilt til ho er ferdig, og når ho er verdig, skal ho vera skrive ned.Kanskje andre kan få ta ein titt.
Det er ikkje sånn at du skal sitja og venta på at inspirasjon skal koma. Av og til seier nokre dustar til meg at «du kan ikkje pressa deg sjølv til å skriva, for då kjem det ikkje frå hjartet ❤ » Dette høyrest smart og snusfornuftig ut, men det er ikkje så jævleg smart. Ting kjem nemleg ikkje frå hjartet heilt av seg sjølv. Ein må fyrst koma inn i det. Når ein har kome inn i det, då kan det koma frå hjartet etter kvart. Fyrst må ein berre få det til å flyta. Ein må skriva kvar jævla dag, uansett om ein vil eller ikkje, for når ein fyrst har kome i gang, då kjem sjela og nerva og alt det som ein likar å inkludera i ei tekst. Viss du sit og ventar på inspirasjonen så kjem det ikkje frå hjartet, det berre døyr. Det er like dust som å ikkje vanna blomsten av di blomstringa ikkje vert «ekte» viss du har vatn i.
Roahl Dahl skriver i romanen «Gutt» at forfatteryrket er et yrke du må holde deg unna. Det er pyton, og man må tvinge seg selv til å skrive flere sider hver dag selv om man egentlig ikke vil. Jeg tror det er noe i det…
Det skriv han berre av di han er redd for å få konkurrentar!
Neidå men eg trur det er sånn i alle moglege yrke at ein må tvinga seg sjølv til å gjera noko ein ikkje vil kvar dag. Då er jo å skriva fleire sider mykje betre enn å gjera noko ein ALDRI likar.
Jeg har tro på at man bør skaffe seg et yrke der en ikke trenger å presse seg til å gjøre noe man ikke vil hver dag. Nå er jeg i praksis som lærer, og kjenner at det jeg må presse meg mest til i grunnen er å stå opp. Og det er ikke så fryktelig galt. Men å skape god kunst og å fungere godt i et normalt yrke er to vidt forskjellige ting som krever helt forskjellige typer innsats. Jeg vil jo tro at Dahl koste seg litt med skrivinga innimellom også 😉
Eg trur ikkje dei som vurderer å bli ein bestemt ting som ein må satsa jævleg hardt på er dei same som hatar å gjera denne tingen. Det ville jo vore merkeleg!
Eg Lagde eit eseløyra på dette innlegget og skal lese heile ein gong eg treng inspirasjon. Nett no er eg for trøytt til å bli inspirert.
Det likar eg å høyra! : D Sjølv om eg naturlegvis håper at du føler for å verta inspirert snart.