Det er viktig for menneske. Folk likar å høyra til ein plass, for då har dei ein grunn til å stå opp og til å leva. Dei kjennar at dei er sakna når dei ikkje er ute og går, og viss det er noko gale, så har dei ein plass der dei kan gå å drukna sorga. Anten det handlar om folk som seier oppmuntrande ord, høyrer på sinna musikk med deg, eller drikk seg drita med deg. Dei liggjer oppå kvarandre og gjev kvarandre kokkos. Dei høyrer til. Dei er menneske med sosiale behov, og hadde dei ikkje hatt alt dette som dei ser på som noko sjølvsagt, ville dei vorte miserable og kanskje følt seg forvirra. Dei ville ha vore einsamme heile tida, og dei ville etter kvart ha gløymt korleis taka kontakt med folk.
(No skal eg gå over til 2. person for å gjera det meir personleg)
Du hugsar ikkje lenger korleis du har ein naturleg kommunikasjon med folk. Du klarer ikkje snakka meir, av di du ikkje finn ein plass til orda dine, og av di ingen ventar på at du skal seia noko. Viss du seier noko er det heller ingen som høyrer kva du seier, og ofte tykkjer dei det du seier er dumt, rett og slett av di det er det einaste du har sagt. Av og til klarer du kanskje å få kontakt med nokon, du kjem til ein ny plass, kanskje, du tenkjer «her kan eg kanskje høyra til». Folk viser moderat interesse, og du kjennar eit håp om å få vera eit menneske. Sånt varer aldri lengje. Du har brått gjort noko gale, eller sagt noko gale – du veit ikkje kva, det einaste du veit, er at viss det hadde vore nokon andre som gjorde nett den same tingen, hadde ingen brydd seg – ja, kanskje dei til og med hadde sagt «så kult gjort». Ikkje når du gjer det. Då er det berre teit – du er ein ikkje-person. Finst ikkje noko solsystem for sånne folk. Dei fell berre lengre og lengre ut i ingenting. Snart kan du ikkje ein gong sjå folk. Tanken på folk byrjar å skremma deg. Du byrjar å dikta opp folk i staden, som du kan drikka ilag med og leika med og få klem og kos av. Som seier at det du gjer er stilig og kult. Men det vert ikkje det same. Kvar gong du snik deg med ein plass vil dei berre visa deg ondskap. Det er ikkje noko nåde der ute. Dei biter av deg hovudet med ein gong du tittar ut døra. Du vil aldri høyra til.