6. desember. St. Nicholas dag. Dagen der det er absolutt passande å visa sympati og å tenkja på andre enn berre seg sjølv. Dagen Nordland Fylkeskommune bestemte seg for at dei ikkje berre skulle trekkja stønaden sin til Skrivebua, men leggja ned heile sulamitten – sånn at det ikkje har noko å sei om me finn andre pengekjelder. Etter utallige fortvilte, sinte, saklege og triste E-post, forstod dei kor viktig dette var, og bestemte seg for å gjera det umogleg for oss.
Det er iallfall sånn det ser ut utanifrå. Eg får lyst til å vera politisk å skriva at det er Ap og Høgre si skuld. Store, digre maktsjuke parti som elskar å kjenna på gleda av makt. Med eit fingerknips, kan dei – ikkje berre snu ryggen til, men trampa istykker noko verdifullt. Og eg skjønar det ikkje. Eg lurer på kva som får folk til å gjera den slags. Eg lurer på om det same ville skjedd med meg viss eg fekk makta, eller om eg heller hadde nytta situasjonen til å gjera positive og konstruktive ting, for å få god omtale i media og få folk til å elska meg. Eg trur eg ville nytta situasjonen til å framstå som ein helt.
Det finst så mykje vondskap i verda, og ein treng sårt kvar einaste kjelde til motivasjon og inspirasjon. Ein treng konstruktive politikarar som ser at noko er godt, og skaper meir av det. Ikkje desse destruktive folka som styrer landet no. Det er ikkje berre fylkeskommuna som eg er bitter på, men sjølve samfunnet, som stadig hoppar inn for å hindra og stoppa det som er godt og bra. For det som er godt og bra, er ikkje naudsynt. Ikkje like naudsynt som forurensing og krig. Viss noko ikkje dreper, nei, då treng me det ikkje.
6. desember er ein dag der det passar seg å gjera nokon glade. Dagen for å gjeva nokon noko. Ikkje dagen for å taka ifrå ein heil haug av folk noko dei elskar.
Eg er drøy med ordvala i dag. Eg tenkte at eg skulle venta eit par dagar med å skriva om dette for å ikkje vera for drøy. Det var vanskeleg, og kanskje ikkje ein gong naudsynt. For kva slags demokrati er det eigentleg som har totalt fråvere av dialog? Som ikkje bryr seg om meiningene til dei det går utover? Som ignorerer alle E-postar, som ikkje bryr seg om alt arbeiddet og all jobben som no er bortkasta. Som ikkje høyrer etter, ikkje bryr seg, som destruerer alt som kan ha ein positiv effekt på neste generasjon?
Eg kjem att til dette seinare. No skal eg gå ein annan plass å vera sur. Men treff, vert det. Og dei må sjølvsagt få sjå bileta derifrå. Og eg trur dei fleste av oss har tenkt til å fortsetja å masa på dei, få dei til å ombestemma seg. Kanskje det berre var ein logisk glipp. Ein tankefeil. Kanskje dei rett og slett hadde ein dårleg dag.