Eit innlegg om akseptert tortur

Eg er glad i Sara. Ho er eit familiemedlem, som bur i same hus som meg og går kring som ho vil. Som alle andre familiemedlem, er ho femti prosent glede og femti prosent irritasjon. Av og til går ho kringom med den arrogante haldninga si og gidd knapt å svara meg når eg snakkar til ho. Når eg kunne tenkja meg litt selskap og støtte, gidd ho ikkje bry seg og går i staden ein annan plass. Det er absolutt eit meir ærleg svar enn det vanlege «mhm» og «jaha» som er den tilsvarande responsen ein kan få frå eit menneskje.

Eg og Sara er ikkje spesielt gode vener lenger. Ho bryr seg sjeldan om meg anna enn når ho vil ha mat. Når ho vil ha selskap er det mora mi ho går til. Sånn var det ikkje før. Før var eg favoritten. Eg trur det var av di eg var flinkare til å snakka med tullete katte-stemme, og i tillegg ga ho mat kvar einaste gong ho ville ha det. Dessutan var eg den fyrste ho fekk kontakt med då ho kom hit fyrste gong. Ho låg og gøymde seg i kledeskuffa mi, og gjekk fram og tilbake på golvet i gongen og mjaue høgt heile natta. Til slutt låg ho i vindaugskarmen på rommet mitt, og me fann tona.

Ei spesiell natt var då eg låg med favoritt-apa mi kring halsen. Apa har to hender med borrelås som eg låste fast kring halsen, medan apa kvilte på brystet mitt. Det var som regel naudsynt for å få sova. Då kom Sara inn på rommet mitt, dytta forsiktig vekk apa med hovudet og potane, la seg sjølv på brystet mitt og plasserte potane kring halsen der apa hadde hatt dei. Det er den opplevinga eg fortel andre når eg skal fortelja om Sara.

Å sjå usikkerheit og frykt sakte gli over til tillit og tryggleik (eventuelt «behov for nærleik» eller ein demonstrasjon av «eg eig deg», viss eg skal tilfredsstille alle sine meiningar), er ein av dei vakraste prosessane eg veit om. Aggresjon og temperament gli over i tryggleik og harmoni. Prosessen er så og sei den same overalt i dyreriket, menneske er ikkje noko avvik. Viss du isolerer og øydelegg nokon lengje nok, vert dei kanskje aldri normale att. La oss til Harry Harlow sine aper som eit døme. Isolasjonseksperiment. Skilje ei apeunge frå mora si og deretter isolera hin fullstendig. «The well of despair» var ein slags mørk brønn der ein skulle vera mutters åleine i opptil eit år. Sjølvsagt var apa øydelagt etter å ha kome ut. Livredd for andre aper, sprang vekk frå dei når dei kom i nærleiken, vart mobba og fungerte korkje sosialt eller seksuelt eller åleine. Klassisk åtferd som våging fram og tilbake med hovudet i henda. Nokre av dei nekta å eta og svelta ihel. Eit ganske enkelt prov på at behov for tryggleik og nærleik kjem over behov for mat. Hadde maten kome fyrst, ville ein ikkje svelta seg ihel. Det er ikkje tvil om at isolasjon er skadeleg. Viss Harlow hadde vore like lur som meg, ville han berre spurd nokon som har opplevd isolasjonstortur. Han ville teke ein allereie deprimert person og stilt spørsmål. Han kunne intervjua torturerte menneske. Viss han ville forska ordentleg på emnet, kunne han jo prøvd å fiksa allereie øydelagde individ. Eg trur dette er tilfellet i det meste av forsking. Ein vel eit dumt alternativ som inneheld tortur framfor eit klokt alternativ som ikkje inneheld tortur.

Nokon sa til meg ein gong at eg måtte vera forsiktig med å gjera dyr til menneske. Eg føler ikkje at eg treng å vera spesielt forsiktig. Eg veit at det einaste dyret som er menneske, er mennesket. På same måte som det einaste dyret som er høne, er høna. Eg veit at menneske og gris er forskjellege frå kvarandre, og eg veit at gris og kalv er forskjellege for kvarandre. Forskjellen er berre at behovet for tryggleik ikkje er noko mennesket er åleine om. Når eg seier at ei ape treng tryggleik, er det ikkje basert på at eg trur ape er menneske, sjølv om eg kanskje er nærare den tru enn mange andre er, med tanke på at me ser svært like ut. Eg veit at viss to forskjellege skapningar ikkje kan laga forplantningsdyktige avkom i lag, så er dei av forskjelleg art. Det gjeld alle plassar i dyreriket. Katt er ikkje menneske, for katt og menneske kan ikkje laga born som kan få born saman. Katt og ku kan heller ikkje det.

Det eg kan seia med sikkerheit, er at viss eit menneske med kvit frakk hadde kome inn i huset mitt, henta Sara og kjørt ho til Løken Gard for å selja ho til sminkeindustrien, så hadde eg gjort alt i mi makt for å stoppa det. Eg hadde oppsøkt garden, finne Sara og henta ho. Eg kunne sikkert slått ned den kvitkledde med klubbe viss det var det om å gjera. Eg hadde ikkje gjort det same viss han henta bokhylla mi eller bordet mitt. Eg hadde sjølvsagt meldt han for tjuveri.

Eg hadde ikkje likt det viss nokon sperra Sara inne i eit nettingbur, eller viss nokon drypte kjemikaliar i auge hennar. Dei som gjorde det ville fått gjennomgå. Allikevel sit det folk med katt på fanget og tykkjer det er viktig med framsteg i sminkeindustrien, og at det er bra med arbeidsplassar. Nett dei same menneska ville med sikkerheit forsvart arbeidsplassane til SS-soldatar. Ikkje i dag, for i dag er båe jødar, funksjonshemma, sigøynarar, rom-folk (…?) og homofile rekna for menneske å vera. Mennesket er intelligent, difor fortener dei å ikkje oppleva tortur.

Ein gris har intelligens målt på storleik med intelligensen til ein treåring. Ville nokon sendt treåringane sine til tortur som straff for at dei var tre år og deretter spist treåringen sin til middag utan å kjenna seg litt kvalm etterpå? Delfinar har eit komplisert språk. Språk er ofte eit argument for å ikkje torturera. Kan eg torturera eit menneske viss eg ikkje skjønar språket? Til dømes ein spanjol, som fylgje av at eg ikkje kan spansk? Eg kan kattespråk betre enn spansk. Eg skjønar alltid kva Sara seier. Eg skjønar sjeldan kva ein spanjol seier. For eg har ingen spanjol i huset.

Me har universelle språk, språk som gjeld for alle artar og for alle raser. Skriking tydar nesten alltid at ein er misnøgd. Jo meir desperat skrik, jo meir misnøgd. Alle burde skjøna kva eit skrik er. Det skremmer meg at dei same som kan høyra på skrik i eit slakteri utan at det minner dei på ting me ikkje har lyst til å samanlikna oss med, skal vera kring andre menneske. Viss dei ikkje skjønar openbare uttrykk for smerte, korleis skal dei då kunne oppfatta signal frå borna sine? Sjølvskading. Dei fleste driv med det viss dei vert utsett for nok press eller stress. Viss eg bit meg sjølv i armen til eg blør, vil nokon meine at det er eit symptom på at eg ikkje er så innmari lukkeleg.

Eg har sett kattar og kjærastar opna seg og nærma seg på mykje av den same måten. Det er ein universell ting. Det er ikkje noko «menneskeleg» over det. Ofte vert ein overraska over kor «menneskeleg» ein hund kan oppføra seg. At ein deprimert hund gjer nesten alle dei same tinga som eit deprimert menneske. Men, det er ikkje menneskeleg. Det er noko menneske gjer, men ikkje noko menneske står åleine om.

Eg lurer på om det er medkjensle, sosial intelligens eller IQ som manglar når ein ikkje kan sjå sånne enkle samanhengar. Når ein ikkje skjønar at eit skrik er eit skrik. «Ein bil kan og skrika», kan ein seia. Men ein bil har ikkje eit nervesystem. Viss ein absolutt må ha prov på at nokon kan kjenna smerte, er det berre å ta ein kikk på hjernen. Smerte er der inne. Smerte er ikkje noko abstrakt og sjeleleg. Låg intelligens er ikkje eit hinder for å kjenna smerte. Ein baby kan kjenna smerte. Ofte tåler ein baby mindre smerte enn ein vaksen. Difor er me ekstra forsiktige med babyar.

Viss ein mann i kvite klede kom inn i huset mitt og byrja å dryppa kjemikaliar inn i augo på katten min sånn at ho vart blind, så ville eg ikkje meint at det var greitt uansett kor bra maskara han kunne laga. Uansett om han ville mista arbeidsplassen sin viss han slutta. Nokre arbeidsplassar er ikkje verd å kjempa for. Viss eg tente pengar på å torturera forbipasserande, så er det ingen som ville forsvart det med økonomien min. Det er heller ingen som ville lagt pengar i hatten min viss eg torturerte nokon offentleg. Iallfall svært få. Dei same menneska kjøper dyretesta sminke og tykkjer det er greitt. Dei legg pengar i hatten til torturisten. Det er igrunn ganske ekkelt å tenkja på.

One thought on “Eit innlegg om akseptert tortur

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s