Kort om positiv tenking

Eg vil rekne meg sjølv for å vere ein ganske positiv person. Allikevel, opplever eg at folk ber meg tenkje positivt. I det siste har eg sett det spesielt mykje. Ei naiv positiv retning er i ferd med å spreie seg, og det kan vere fint for mange av deltakarane, men for dei kring, er det som regel ein sann sorg. Eg får sjeldan noko positivt ut av den naive positive tenkinga. Korkje ved å gjere det sjølv, eller ved å observere andre gjere det. Faktisk tør eg gå så langt som å seie at det skal vere godt mogleg å vere optimistisk og å tenkje positivt utan å plage andre, utan å kjefte på andre og til og med utan å fylle seg til randen av sinne kvar gong nokon påpeiker framsteg me kan gjere i samfunnet.

Fundamentalistiske sjølverklærte optimistar meiner gjerne sjølv at dei tenkjer positivt, men hovudsakeleg råder dei andre til å gjere det. Og “positivt” er noko heilt anna i augo deira enn i augo mine. Korleis kan det ha seg at dei skrik “tenk positivt, din jævla sutreunge, sjå til helvete å vakse opp!”, medan eg, som liksom er negativ, kjem med konstruktive råd for å hjelpe? Er ikkje det siste meir positivt for personen det gjeld?

For meg handlar ikkje positiv tenking om å forby påpeiking av ting som ikkje fungerer. Det handlar ikkje om å forby søking av støtte og trøyst, og sist men ikkje minst: det handlar ikkje om å vere livredd for problem, sorg, sinne og andre kjensler som ofte ikkje er behagelege. Nokre menneske har eit dårlegare genetisk grunnlag for å vere glad enn kva andre har. Det er ikkje noko ein kan gjere noko med, og viss ein verkeleg er trist, hjelper ikkje rådet “tenk positivt”. Problemet med å vere trist er nemleg at det ikkje fungerer å tenkje positivt. Det er nemleg derfor ein er trist. Ein er trist av di dei positive tinga ein tenkjer ikkje ser like ljose ut som vanleg. Dei verkar ikkje realistiske. I verste fall kan dei gjere deg endå tristare. Positiv tenking er mykje meir komplisert enn at ein kan høyre setninga “tenk positivt” og deretter verte glad og nøgd og aldri meir føle smerte. Og kva i all verda er eigentleg gale med smerte?

Eit godt døme, er det å ha “ein dårleg dag”. Ved å seie at du har ein dårleg dag, vil gjerne dei sjølverklærte optimistane meine at du er negativ, av di du påpeiker at du har ein dårleg dag. Hadde du vore positiv, så hadde du rett og slett berre tenkt “nei eg har ikkje ein dårleg dag eg har ein god dag eg har alltid ein god dag alle har ein god dag smerte eksisterer ikkje og dei som opplever det er skuld i det sjølv og no skal eg gå å vere glad ilag med glade folk og snu ryggen til all vondskap som eksisterer for den rammar jo ikkje meg”, og så hadde alt vorte topp.

Dette heitte ikkje “optimisme”. Dette heitte “fortrenging”. Det er det same som skjer når nokon vert mobba og ingen griper inn. Det er desse folka som står der når nokon vert sjikanert, og ser ein annan veg medan dei plystrar på ei optimistisk vise. Viss dei ville utretta noko positivt, kunne dei jo til dømes stoppa sjikaneringa. Men då må ein fyrst opne augo opp for han. Då må ein seie negative ting om sjikaneringa. Ein må seie “slutt å sjikanere”. Ein må seie “sjikanering er *negativt adjektiv*”. Ein må seie negative ting. Ved å seie negative ting, utrettar ein noko positivt.

Menneske som seier “eg har ein dårleg dag”, er dei mest positive som eksisterer. Det finst ikkje noko meir positivt å seie. Det å vere positiv handlar ikkje om å vere glad og lukkeleg, men om å ha eit positivt perspektiv i ein negativ situasjon. Sjølvsagt tenkjer ein positivt når ein er glad. Det er eit faktum. Alle gjer det. Det skjer automatisk. Men, det er ikkje ein del av din person. “Glede”, er ein del av din person. “Positiv tenking” derimot, skjer med ein som seier “eg har ein dårleg dag”. Kvifor tykkjer eg at dette er så forbaska positivt? Jo, av di du seier at det er dagen som er dårleg. Det er ikkje du som er dårleg eller livet ditt som er dårleg. Og det varer berre i ein dag. Du har eit perspektiv som fortel deg at dette går over. I går og i morgon har ikkje noko med saka å gjere, i dag er i dag, i morgon er i morgon, med blanke ark og fargestiftar tell, og så vidare.

Den største forandringa i tankesettet mitt, skjedde då eg slutta å tenkje at heile livet mitt og heile verda var eit sant helvete. Dette vart, ein gong i laupet av dei siste tre åra, erstatte med ein djupare optimistisk innsikt som ikkje handlar om å avvise smerte og sorg eller om å verte rasande kvar gong nokon treng ein klem. Ein klem er jo positivt. Raseri derimot, vil mange rekne som negativt. Allikevel er det dei naive positive som føler mest av det, der dei hissar seg opp over noko så lite som at nokon treng ei hand.

Eg er glad i kjærleik. Eg likar å stryke andre menneske nedover ryggen, og å gjeve dei ein klem. Eg likar å hjelpe og lyfte andre opp. Då føler eg meg som eit positivt menneske, og ikkje berre eit menneske som er positivt for meg sjølv, men som i tillegg er positiv for andre kring meg, og då i all hovudsak når det er naudsynt. Kvifor skal ein vere positiv heile tida, bortsett frå viss nokon treng det? For meg er det fullstendig bortkasta.

Viss du verkeleg har lyst til å vere så innmari positiv, er noko av det viktigaste korleis du taklar ting du ser på som negativt. Vil du forsterke det, eller vil du snu det? Å fortrengje er ikkje å snu. I møte med eit deprimert menneske, vil fortrenging berre auke dei negative kjenslene. Med andre ord er du kjelda til negativitet. Du av alle, du som skulle vere Guden Av Optimisme, er i staden Kjelda Til Smerte. Ein må gå varsamt fram når ein for fyrste gong skal møte negative kjensler med positiv tenking. Spesielt viss ein skal møte andre sine. Plutseleg tråkkar ein på eit minefelt, og alle veit at å tråkke på eit minefelt ikkje er ei positiv hending.

Her er nokre forskjellege måtar å tenkje på når ein er trist, somme meir konstruktive enn andre:

– “Alt er trist. Alltid.”
– “Ting er trist”
– “Eg er full av smerte som eter meg opp rå”
– “Eg er så trist”
– “Eg er trist i dag”
– “Dette var ei trist kjensle”
– “Oj, der kom det ei trist kjensle, og mange triste tankar fylgjer på – for det skjer kvar gong ein er trist.”
– “Eg er trist, det er sikkert jernmangel.”
– “No kjennar eg triste kjensler, det er av di hjernen min *kjemi kjemi*”
– “No er eg ein negativ person som gjev negativitet til verda, eg må verte positiv med det same, eg må vere positiv EG MÅ VERE POSITIV NÅ EG ER DRITREDD FOR DESSE NEGATIVE KJENSLENE Å NEI Å NEI Å NEI Å NEI PANIKKANFALL!!!!!!!”

Dette ser svært forskjelleg ut, og eg har tenkt dei fleste av tinga, og eg kan seie med sikkerheit at det siste alternativet ikkje var det som verka best. Å tenkje på den gråe kjensle eller den svarte kjensla som eit del av eit fargekart, kan hjelpe. Me har nemleg eit svært stort kart, og det er ingen grunn til å fjerne dei fargane me ikkje likar, for med dei kan me blande ei farge me likar. (Eg er glad i fargemetaforar, eg nyttar dei i hytt og pine, sei ifrå viss det vert for mykje etter kvart)

Viss desse negative menneska som sa at noko var gale ikkje eksisterte, ville all vondskap som nokon gong har skjedd i verda, skjedd framleis. Alt. På ein. Gong. Me ville brent heksar i alle land. Me ville avretta haugevis av menneske kvar gong. Kvinner ville fått færre og færre rettigheitar og ikkje fleire og fleire. Heile Europa hadde vore båe nazistisk og kristenfundamentalistisk og islamistisk på ein og same gong. For ingenting forsvinn når det fyrst kjem, av di ingen er negative nok til påpeike det. Det er jo klårt at viss alle hadde vore positive, så hadde me jo ikkje hatt desse negative tinga, av di folk ikkje er negative til heksar og difor ikkje vil brenne dei, og så vidare. Men sanninga er at det finst ting i verda som ikkje er morosamt, og desse tinga kan vere alvorleg på verdsbasis, eller dei kan finne plass inne i eit enkelt menneske. Ingen av dei forsvinn ved å hysje ned dei som snakkar om det.

Når det er sagt så er det ikkje sånn at jo meir ein snakkar om noko jo betre. For jo meir du forklarer kor trist du er, jo meir føler du tristheita. Viss eg ikkje får sove om kvelden, kan eg til dømes simulere trøyttheit ved å tenkje attende på morgonen då eg sto opp og kor jævleg trøytt eg var . Og etter kvart kjem trøyttheita. I Metta Meditasjon, som handlar nettopp om sånne positive ting som å opne hjartet sitt, så startar ein gjerne ved å førestelle seg ein situasjon full av glede, sånn at du kan nytte denne kjensle i resten av meditasjonen. Det er ikkje sånn at når du tenkjer på noko som gjer deg glad, eller snakkar om ei glad hending, så får du “ut gleda”, med mindre du gjer det på ein så valdsam måte at du vert sliten etterpå, sjølvsagt. På same måte får ein ikkje “ut tristheita” ved å snakke om ho i time opp og time ned, eller ved å tenkje på dei aller tristaste tinga du kan kome på konstant. Dette veit alle, men allikevel snakkar ein gjerne mykje om det. Kanskje av di ein ikkje har fått dei retta råda, av di verda er full av negative drittsekkar som seier “tenk positivt” på ein kald og kjøleg måte som fyllar ein med negativitet.

Når du skal vere positiv, gjeld det å ha ein positiv innstilling til noko negativt, utan å fortrengje det. Viss du fortrengjer det, så har du nemleg ikkje ei positiv innstilling til det, då har du berre ei positiv innstilling til “positivitet”. Blokkering (i form av fortrenging) er heller ikkje kjend for å vere ein veldig positiv ting å gjere, tvert om. Å seie “ja, negativitet er bra” er kanskje det mest svart-på-kvitt positive ein kan tenkje, og sjølv om det ikkje er det beste alternativet, er det iallfall eit meir korrekt bruk av ordet “positiv tenking”. Men negativiteten er der jo framleis. Å tenkje “dette var dumt, difor må me fikse det sånn at det vert bra” derimot, er positivt. Eller å tenkje “dette var dumt, men, det er berre i dag, og eg tåler sånne kjensler og er heller ikkje redd dei”, er positivt.

Så fortset å ver positiv, men ver det på ordentleg, ikkje ver ein mørk sky som regner på dei gjennomvåte medan du skrik “slutt og frys”.

Reklame

2 thoughts on “Kort om positiv tenking

  1. Ikke dumt. Jeg føler meg som et lite barn når du skriver sånn, forklarer så nøyaktig om de minste ting, men for å være ærlig er det en følelse jeg liker. Du tar rollen som personlig Guru, og den kler deg. Særlig når du gir så fornuftige (og umulige) råd.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s