Dette er mitt bidrag til Panthera sin diktkonkurranse. Diktet er meint som ei trøyst når livet oppfører seg dust, for det gjer det ofte, for mange spesielt om hausten. Meir enn noko anna ynskjer eg å leggje armane kring alle som fell nedover, og gjere nedoverbakken mjukare og så vidare og så vidare. Her er bidraget mitt:
Tenk å ha eit roleg kryp-inn då
ein plass der du kan gå
når du er lei som få
ei gruppe menneske som kan forstå
ta ein prat med deg
sjølv om dei ikkje må
Tenk å sjå at nokon likar deg
tek deg teitt til seg
når du med tunge steg
vandrar på ein aude knappnålsveg
og seier ting som så;
no er du trygg med meg
Tenk om menneske var sånn som det
baud deg inn på te
og ga deg ly og le
tok deg til seg og i ny og ne
når verda var så rå
sa; «her er sjelefred»
Viss du vil ha eit roleg kryp-inn, då
finst det ein plass å gå
når du er lei som få
eit enkelt menneskje som kan forstå
og ta ein prat med deg:
ja kjære kom til meg
Men livet er jo ikke ekstra dust om høsten da! Det er jo om høsten det er finest av alt 🙂
Hm liker diktet, det var koselig. Ser for meg stearinlys og ullteppe og varm te som du også skreiv om, og nynorsk var kult. Du er satans flink i nynorsk.
Tja, haust/vinterdepresjon er nok ikkje så uvanleg som du trur. Viss ein berre fekk lov å vere heime og drekke kakao og gå i skogen om hausten, då hadde riktig nok hausten vore enklare for mange, for årstida er jo pen i seg sjølv.
Det er sånne flotte bilete som absolutt burde dukke opp i hovudet ditt. Takk for kommentaren. :- )
Du har vunnet diktkonkurransen:) Send adressen din til anette@pantheralife.no og vi sender deg premien:)