Daniel – Manual

Ofte, når det er menneske eg gjerne skulle snakka med men som eg var norske og norm-messige grunnar ikkje tek kontakt med allikevel, tenkjer eg at det hadde vore flott om alle menneske hadde ein manual på seg. Det har me jo, det er berre ikkje sånn at andre kan sjå det. Når ein startar i ein klasse til dømes, skulle heile sulamitten ha starta med at alle delte manualar med kvarandre, sånn at ein visste korleis kvar og ein fungerte. Men, ein kan ikkje starta med å forandra verda, ein må nemleg starta med seg sjølv. Difor skal eg skriva ein manual. Dette kjem til å verta det mest personlege innlegget som vil vera å finna på denne bloggen, men siktemålet er altså den gode ideen om å få alle til å dela manualen sin. Les nøye igjennom. Eg kjem til å fletta inn generelle ting undervegs, men dette set eg i feit skrift for å skilja:

Starten er ofte det vanskelegaste. Somme menneske likar ikkje å verta kontakta av folk med mindre det er ein ekstremt god grunn til at kontakten skal skje. Difor tør me heller ikkje snakka til folk me ikkje kjennar, uansett om me veit at me eigentleg burde. Er det ein kar som går åleine i klassen, vil ingen taka kontakt. Somme av di dei er for opptekne med sin eigen klikk, andre av di dei tek «høflig avstand». Veit ikkje korleis ein tek kontakt. Veit ikkje kva ein skal seia og kvifor ein skal seia det. Etter kva eg har lært, er mykje av grunnen til dette, rett og slett at folk ikkje likar å verta kontakta, sjølv om dei seier dei er open for nye vener og det eine med det andre.

Knert: «Hei!»
Knut: «Hei…?» (Skeptisk rynke i panna)
Knert: «Korleis går det?»
Knut: «… Bra?» (Endå meir skeptisk rynke i panna)
Knert: «… Okei! Så fint!» (Vente på at Knut skal seia «der a?», Knut seier  ikkje «der a?», Knert går)

No kan sjølvsagt Knert gå til gjengen sin og himla med augo over Knut, medan Knut går attende til sin eigen plass. Inga skade er eigentleg skjedd med Knert. 

Verre er det viss Knut skulle teke kontakt med Knert og det var Knert som rynka panna og stilte spørsmålsteikn. Då lærer Knut at han ikkje skal snakka med dei i klassen, for dei i klassen er ikkje interessert. Etter kvart gjev han opp, så når Knert kontaktar Knut til slutt, er Knut skeptisk og tør ikkje taka initiativ attende, av di han veit at han kan verta avvist – sjølv om det var Knert som tok kontakt.

Difor går me ikkje til framande som ser kule ut, som ser ut som dei er «ein av meg». Eg går ikkje til folk berre av di dei har converse og stilig skjorte, av di dei har fint hår og er låge, drikk mjølk frå kartongen på open gate og går me tekopp heile dagen, ikkje ein gong viss koppen er lilla. Sjølv ikkje viss dei har button med partiet mitt og «skisser og fortellinger» med Franz Kafka. Sjølv ikkje viss dei står og snakkar om romanen dei held på å skriva og kort sagt er midt i blinken for ein som meg. Aldri i livet. Kvifor gjer eg ikkje det? Jo, det seier vel seg sjølv. 

«Hei! Du er kul!»
«… Okei? Og du er…?»
«Daniel!»
«Okei… Har aldri sett deg før…?» (rynke, rynke, rynke)
«Ånei, unnskuld, du var visst ikkje så kul allikevel, ha det godt!»

Nei, nei. Det gjer ikkje eg. Når me fyrst er inne på meg. Eg er relativt tøff der eg står. Iallfall etter mi smak (hadde eg ikkje meint det, hadde eg skifta stil og åtferd til noko tøft, berre for igjen å meina at eg var tøff). Når eg står på gata, og du ikkje veit kven eg er (diverre har du lese bloggen min, så du veit jo kven eg er, men sett at du ikkje visste det), kva gjer du då? 

Eg skriv dette utifrå røynda, for eg har møtt menneske, framande, som har snakka til meg på gata. Her kjem det altså:

Daniel er open for kontakt med alle. Daniel er ein av dei enklaste å få kontakt med viss du fyrst er interessert, og grunnen er at han ikkje har same oppfatning av normer og reglar som andre nordmenn har. Daniel kan sitja på med framande i bilen, sjølv om han har høyrd at det ikkje er greitt, Daniel har gitt ein klem til ein framand fyllikk av di fyllikken hadde lyst til det. Daniel kan avsløra at nokon kødderingjer og allikevel lata som han trur det er ekte, rett og slett av di han tykkjer det er morosamt. Viss du stoppar, ser ut som du har god tid, og seier hei, så vil du få eit hei.

Spanande informasjon for ein framand:

– Daniel bryr seg ikkje om kven du er. Iallfall ikkje i normal forstand. Når folk flest seier «kven er du?» meiner dei «kvar har eg sett deg før?». Daniel veit at det ikkje er alltid ein har sett nokon før. Difor spør han heller ikkje kvar han har sett deg før. Han spør i staden kva du skal gjera etterpå, kvar du er på veg og korleis du strikka den spanande lua di. Det er mykje meir nyttig informasjon enn eit svar som i verste (eller etter mitt skjønn, beste) fall kan vera «du har ikkje sett meg før, eg ville berre snakka med deg».

– Daniel bryr seg ikkje om det du seier er «sant» eller ikkje. Båe positivt og negativt.
* Negativt: Viss du skal baksnakka nokon, så hjelper det ikkje at det du seier er sant. Du prøver å ta fra nokon moglegheita til å presentera seg sjølv og gjeva eit inntrykk av seg sjølv på eigahand ved å gjera det for personen, og det vil verta hugsa på. Igjen; det hjelper ikkje om det er sant. Det har ingenting å seia. Sant/usant. Totalt uinteressant!
* Positivt: Du kan lyga for å fanga interesse. Du kan seia «hei hei, veit du kva, eg har høyrd at du likar hunder, og eg har ein hund eg! Ho heitte (…)», berre for å starta ein samtale. Etter samtalen er slutt kan du seia «eg har eigentleg ikkje denne hunden, det var berre for å (…)» utan at det vil vera provoserande. Kort sagt kan du lyga om det meste, så lengje det kan skapa ein fin samtale. (Å lyga om «nokon baksnakka deg» er ikkje ein måte å starta ein fin samtale)

Ta til dømes religion som eit døme.
Sjølv om Daniel ikkje har same religion som deg, slepp du å forsvara religionen din. Difor står du fritt til å snakka om religion utan å måtte halda forsvarstale. For om religionen din er «sann» eller ikkje, er fullstendig uinteressant. Det interessante er kva du meiner.

Du kan og lyga om informasjon. Du kan lyga om alder, namn, legning, kort sagt kva som helst, så lengje du ikkje skal nytta løgnen til å øydeleggja for Daniel eller spionera på oppdrag frå nokon onde jævlar. Viss du eine og åleine nyttar løgnen til å verka meir interessant, er det berre å fyra laus. Faktisk vil Daniel føretrekkja om du lyg for å verka meir interessant, framfor å berre seia keisame fakta som «ingenting» og «masse rart». Sei gjerne at du har gjort ting i dag som du ikkje har gjort, men som du ynskjer du gjorde. Kva du ynskjer å gjera seier minst like mykje om deg som kva du faktisk gjorde.

Eg vel å leggja fokus på sannheit og løgn av di dette er noko av det mest interessante i denne manualen. Menneske har eit sterkt behov for «sannheita», medan eg ikkje har noko spesiell tanke om kva Sannheit er. Sannheita er i stor grad subjektiv. I og med at heile vår oppfatning av verkelegheita føregår i hjernen vår skapt gjennom sanseinntrykk (forskning er og berre oppfatta gjennom sanseinntrykk), betyr det at i mange tilfeller er det ikkje så viktig om sanseinntrykka vart oppfatta av sansane fyrst og deretter lagra i hjernen, eller om dei lagra seg i hjernen utan å fyrst verta oppfatta av sanseinntrykk. Informasjonen er der. Og med mindre det vil skapa praktiske problem å seia ei sannheit som aldri har skjedd i andres sanser, er det fullstendig uinteressant om andre er i stand til å oppfatta det same som deg eller ikkje.
La oss går over til små tips og triks for å verta populær hos Daniel:
AugnekontaktDaniel elskar augnekontakt. Menneske utan augnekontakt får sjeldan tillitt eller interesse, av di augo er «sjelens speil» og difor vil seia alt om kven du er. Med mindre du er blind, vil mangel på augnekontakt føra til skepsis og minus i boka. Er du redd for augnekontakt? Då kan du flakka med blikket og visa tydeleg at du er redd for augnekontakta. La pupillane fara hit og dit. Då verkar du usikker. Det gjer Daniel meir sjølvsikker. Han kjem til å snakka endå meir.

AugnebrynFor å verta populær hos Daniel, er det viktig kva du gjer med augnebryna. Daniel er heftig traumatisert av alle dei rynka augnebryna som finst på nesten alles panner, og så snart du rynkar panna, vil minusa formera seg som larver i eit varmt søppelspann. Pass på. Ikkje noko pannarynking. Ikkje noko nedlatande slesk nedovermunn. Det er frykteleg upopulært, og den einaste måten å veiga opp for ein sånn åtferd, er å snakka som ein foss medan du gjer det.

Tilfeldig prat om kreative tingÅ vera kreativ og original er alltid eit pluss. Kom gjerne bort og prat om det som skjer i hovudet ditt akkurat no. Sjølv om det er sprøtt – gjerne viss det er sprøtt. Snakk om filosofi. Snakk om politikk. Snakk om eit tema. Eit tema slår alltid gjennom.

Kompliment
Det finst menneske som ikkje likar kompliment. Eg har sett det sjølv. Ein gong, då eg var yngre, sa eg til ei dame at ho hadde stilig stil og at ho verka kul. Ho svarte fylgjande:
«… Eh… Du er tolv år…»
Ho avviste altså eit kompliment av di gjevaren av komplimentet var tolv år. Sjølv vert eg glad når eg får kompliment av 12-åringer, det gjev meg tru på framtida, på at neste generasjon kanskje er ein betre generasjon enn denne generasjonen. Dessutan er komplimentet like gyldig uansett kven som gjev det. Er eg fin, så er eg fin. Uansett om det er er ein 50-åring eller ein 14-åring som har observert det faktum. For andre er eg kanskje stygg, men dei kan halda kjeft. 
Eg lurer ikkje på kvifor folk ikkje gjev kompliment til kvarandre. Her var nemleg svaret på det spørsmålet. Det finst folk som ikkje tek kompliment til seg, som er nedlatande mot nokon som er hyggjelege mot dei. Eg håper personleg at den slags menneske vert utrydda med tida.
Daniel er alltid glad for truverdige kompliment. Uansett kven dei kjem frå. Når ein 56-år gamal mann skriv «du var kjekk :-)» på Gaysir, svarer Daniel «Takk skal du ha, det var hyggjeleg å høyra :- )», der mange andre skriv «æsj du er femti eg er ikkje kjekk når du er femti, GRIIIIIS :s», så ventar Daniel med å stempla deg som pervers til du faktisk skriv noko perverst. Det er hyggjeleg å høyra at ein er kjekk uansett om det kjem frå ein gris eller eit lam. Kjekk er kjekk. Intensjonen og personen er mindre viktig.

Så, kor mykje kjærleik kan du visa når du fyrst byrjar å kjenna Daniel litt? Kan du seia ting som «eg er glad i deg <3333», «eg er så glad for at du finst» og «du er jammen litt av ein koseklump»? Somme vert sure, sinte og redde av den slags. Mange, spesielt viss dei er gutar, vert livredde og trur det er verdas undergang. 
Daniel likar, som sagt, kompliment. Fyr laus. Det er ikkje flørting før du har sagt at det er det.

Syting og klaing
Mange menneske likar ikkje «syting» og «klaging». Viss situasjonen er rett/feil, kan det og vera valdsomt irriterande. Å stoppa nokon på veg til timen for å fortelja at timen er keisam og det eine med det andre, er syting og klaging. Å stoppa nokon på veg til timen for å fortelja at du er så trist og lei, er ikkje syting og klaging, men derimot ei tillitserklæring (spesielt fyrste gong du gjer det). Mange reagerer negativt på tillitserklæringer. Dei føler at dei er til nytte, og det skremmer dei. Ingenting er verre enn å vera til nytte, då vert ein nemleg «brukt». Og å vera ein som nokon kan bruka, er jo aldri noko gøy. Då er ein jo til hjelp for andre, og det kan ein ikkje ha noko av. Difor vil mange og vera redde for å syta og klaga, spesielt til folk dei ikkje kjennar. Det er ikkje sånn at ein snakkar med framande om problem. Ein sender ikkje ein lang E-post til ein tilfeldig i klassen som ein ikkje kjennar spesielt godt for å fortelja kor vanskeleg ein har det heime.
Daniel vert ikkje brote ned av andre sine problem med mindre personen nyttar problema sine konkret for å øydeleggja Daniel. Daniel vert faktisk ikkje påverka i det heile. Ikkje av di han manglar empati og medynk, men av di han tykkjer det er betre at nokon snakkar med han enn at dei held kjeft. Å ha ein sugekopp i nakken heile dagen som sit ved sidan av ein i timen og fortel om problema sånn at ein ikkje får konsentrert seg om skulen, er ikkje noko kult. Ei melding på Facebook derimot, kan vera heilt i orda. Daniel elskar å vera hobby-psykolog, og gjer det gjerne heile tida. Andres problem er andres problem. Å hjelpa til å letta hjartet til nokon er ikkje fælt og vondt. Daniel likar det. Det kan høyrest sadistisk ut, men det er mest sannsynleg ikkje sadisme, heller ei vissheit om at problemet er der uansett om han veit om det eller ikkje – og ei vissheit om at han vert oppfatta som eit menneskje som er greitt å koma til.

UkvemsordDaniel er ikkje spesielt glad i ukvemsord av den mindre kreative typen. Vil ein skåra poeng, er det absolutt flott med eit fargerikt språk, men viss ein skal nytta ukvemsord, så er kreativitet viktig. At nokon seier «faen» og «jævla» er ikkje eit problem i seg sjølv, desse er ord så vel som andre ord, sjølv om det ikkje er vakre ord; men når det er dei einaste orda ein nyttar, då er det plutseleg ikkje så stilig lenger. «Faen» som eit utrop er fullstendig akseptabelt, medan «faen meg» som erstatning for «verkeleg» ikkje er like imponerande. Daniel studerer ikkje folk med lupe og lyttar til dei så nøye han kan for å finna feil, og så lengje ein ikkje nyttar kjønnsorgan som skjellsord (det høyrest som regel så dumt ut at det er til å få gåeshud av), går det som regel bra.

Riktig grammatikkDaniel er glad i og respekterer alle dialekter, men han er framleis glad i rett grammatikk. Menneske som skiljar mellom «han» og «ham» får automatisk meir respekt enn menneske som seier setninger som «han slo han» eller «henne slo henne» eller «hun slo hun». Spesielt når det er grammatiske reglar dei fleste ikkje nyttar, kan ein fort imponera med grammatikk. Seier du «i henhold til» eit par gongar i laupet av samtalen er det til dømes svært imponerande, ikkje av di det er kult å snakka vanskeleg og avansert, men av di du ikkje seier «i  forhold til», som er det mest vanlege no om dagen.

Å vera snillSnillheit er imponerande. Alle teikn på at eit menneskje er snill og i tillegg er stolt av å vera snill, vil imponera i massevis. Viss du vil imponera Daniel bør du difor halda deg unna triks som «eg ler når eg ser tortur», «eg tykkjer ikkje Saw er så ille», «eg mishandla ein frosk ein gong det var lættis» og «sjå på ho der borte a ho er skikkeleg svak og griner for ingenting».

Alle teikn på medynk og menneskelegheit er bra, alle teikn på det motsette er dumt. Grunnen er at dei som prøver å sjå tøffe ut hovudsakeleg framstår som traumatiserte og stolt av det, tomme for innsikt eller rett og slett mindre intelligente. Å mangla medkjensle er ikkje meir imponerande enn å mangla IQ, eller nokre andre funksjonar. I mange tilfeller er det heller verre.

*

No skal me gå over til noko nytt.

Du har gjort noko dritteit, og no tykkjer Daniel at du er ein jævla idiot som ikkje er verd å snakka til igjen. Du tykkjer og at du er teit, for det du har gjort er rett og slett så dumt at når du tenkjer etter vert du flau. Kva skal du gjera?

Gå til Daniel, sei «unnskuld det var faen meg teit eg vert flau berre eg tenkjer på det», og så er det i orda. Ikkje noko meir tull. Daniel har eit stort hjarterom, og kan tilgjeva det aller meste. Meiner du det ikkje meir, er det ikkje deg meir, og det er heller ikkje deg aggresjonen skal falla på.

Kva gjer du viss Daniel luktar sveitte eller har dårleg ande?
Dette er ganske lurt å ha i ein manual. Eg lurer ofte på kva eg skal gjera med folk som luktar vondt på den eine eller den andre måten. Viss eg har ein ven som stinkar sveitte, veit eg ikkje kva eg skal gjera, for det er svært individuelt korleis folk taklar forskjellege ting. Til faren min eller broren min, vil eg til dømes seia «ÆSJ FAEN FOR EN STANK SKIFT GENSER MED EN GANG!!», medan mora mi ville fått «*snus snus* hmm… kanskje du skal skifte genser?» 
Det verste Daniel veit, er når folk prøver å vera forsiktige og taka omsyn, og så får dei det ikkje til av di dei prøver for hardt. Eit døme er å sitja ved sidan av ein ven i sofaen, venen rynkar panna, ser bekymra og alvorleg ut, nesten som hin skal fortelja at nokon er daud, og så seier hin: «… du, eg må seia noko… ikkje for å vera frekk… ikkje ta det ille opp eller noko…» (…) «… men du luktar litt sveitte…».

Korleis i all verda skal ein svara på noko sånt, då?

«… ja… eg forstår… det var flott at du sa ifrå… mhm…»

Skal du seia noko sånt til ein Daniel, er det beste å gå rett på sak.

Viss de er åleine:
«Gå og skift genser, du luktar forferdeleg»
«*host, host* Kva faen er det der for ein stank, pell deg på badet og puss tenna.»

Er det folk der er det sjølvsagt verre, av di det ikkje er mykje å gjera med stank frå kroppen når ein ikkje har alskens parfyme og tannbørste og deodorant med seg uansett kvar ein går.

Kva gjer du viss Daniel er stygg på håret?Fortel Daniel kva han bør gjera med håret. Daniel likar ikkje at folk ventar med å seia kva som er gale med håret til håret er bra igjen. «Du var stygg på håret før» er nemleg ikkje spesielt nyttig informasjon, spesielt ikkje når ein er svært oppteken av håret. Difor er det mange gongar betre å seia «klepp deg», «ta på lue», «ta panneluggen motsett veg» eller andre råd. Daniel er svært oppteken av utsjånaden, og treng å veta ting med ein gong. (Og då sjølvsagt ting ein kan gjera noko med, å veta om ting ein ikkje kan gjera noko med, er ikkje like nyttig)

Kva gjer du viss Daniel har haldt eit dårleg foredrag og du gjerne vil trøysta han?
Mange vil seia «så flink du er», men setninga «så flink du er», er absolutt ikkje oppmuntrande. «Så flink du er» er det same som «dette gjekk dårleg, no prøver eg å få deg til å føla deg betre av di du sikkert har frykteleg dårleg sjølvtillitt». Daniel har ikkje spesielt dårleg sjølvtillitt, iallfall ikkje når det kjem til ting han vanlegvis er god i, som skriftlege og munnlege presentasjonar. Viss Daniel har gjort ein dårleg jobb, er dette noko han ser sjølv. Når du då seier «så flink du er», verkar det meir som om du ser på han som ein 6-åring enn som du faktisk ynskjer å oppmuntra. Viss du absolutt skal seia noko (og det er til å føretrekkja om du gjer det, for stillheit er mykje verre), er det mykje betre å vera direkte:
«Huff då, dette gjekk skikkeleg ræva, har aldri sett deg prestera så dårleg før. Du klarer betre enn det der neste gong!»
Når du seier noko sånt, så seier du og: «Det er vanlegvis ikkje så dårleg som dette. Talentet ditt er vanlegvis så stort at eg ikkje er redd for å seia ifrå når det går dårleg.»

Viss Daniel verkar surAlle er sure av og til, og Daniel er ikkje noko unntak. Saka er at Daniel ofte ser sur ut utan at han er det. Han har eit andlet som ofte smiler, men når han gløymer å smila, så fell munnvikene nedover. Spesielt når han tenkjer og konsentrerer seg (noko han alltid gjer når han ikkje snakkar med nokon). Han vil difor ikkje bita hovudet av deg viss du røyrer ved han allikevel. Dessutan er han særdeles lett å muntra opp att viss han faktisk er sur på ordentleg. Han vert heller ikkje surare av at nokon seier «er du sur?» sånn som mange andre vert.

Lurer du på korleis det går?Dette er noko som er viktig å ha i ein manual, og eg skulle ynskje alle andre gjorde det same. Viss du skal laga ein manual sjølv, er dette noko av det viktigaste, for eg lurer stadig på dette om andre menneske. Kva skal ein gjera viss ein lurer på om det går bra?
Å seia «går det bra?» er noko ein bør unngå med mindre ein faktisk vil veta svaret. Det er ikkje hyggjeleg å få eit «korleis går det?» når ein veit at det einaste akseptable svaret er «bra» eller «ja», og at det ikkje er lov å svara noko anna. Forøvrig finst det to varianter av «korleis går det».

Variant 1: På bussen, småprat, «korleis går det?» i form av «kva gjer du for tida?» Her er svaret som regel: «Jo då, eg gjer jo ditt og eg gjer jo datt (…)». Dette spør alle kvarandre om, uansett humør, og det er ikkje noko gale i å spørja ein Daniel om det heller.

Variant 2: Eit menneske ser trist ut eller har nettopp vore borte frå skulen/jobb i mange veker, og du lurer på om det faktisk er noko gale. Du spør «korleis går det?», og uansett om personen seier ja eller nei, veit ein godt at svaret er nei.

Når me kjem til variant 2, er det ikkje sympatisk å spørja ein Daniel om det går bra når det ikkje er lov å seia nei. Det er meir nedmuntrande enn oppmuntrande. Daniel kjem og til å seia «ja» når han veit at det ikkje er lov å seia «nei», og han kjem til å seia «bra» når han veit det ikkje er lov å seia «dårleg». Han kjem og til å seia «bra» viss han til dømes har dårleg tid. Så, viss ein spør for å vera sympatisk, spør ordentleg. Ikkje spør medan du løper forbi. Ikkje spør midt i ein haug av andre menneske. Viss ein spør berre for å visa sympati, kan ein heller seia noko anna, som til dømes «huff og huff» eller «au og au» eller «håper det ordnar seg» eller «herregud for ein teit lærar» eller «det der såg neimen ikkje mykje moro ut». Daniel svarer ærleg viss du ser ut som du har god tid og det ikkje står menneske overalt.

(Det finst og ei moglegheit for at det faktisk går bra, svaret «bra» er ikkje berre løgn og fanteri.)

Praktisk informasjon

Er det greit å stilla private spørsmål i all offentlegheit (midt i eit klasserom, midt i ein korridor, på open gate, som kommentar på bloggen, på Facebook-veggen):

Nei, det er ikkje greitt. Gjer du dette, vil du aldri kome vekk frå svartelista. Daniel elskar privatliv, og viss du blottar privatlivet utover ein plass der alle kan sjå det, er dette kanskje den einaste tingen det ikkje hjelper å seia «unnskuld» til etterpå. Kva som er privat og ikkje er noko ein bør kunne tenkja seg til sjølv.

(Spørsmål om alvorlege, grusame og mørke ting er privat. Alt som har med kropp/sex/intimitet å gjera er privat. Ting du veit men som du ikkje burde veta, og som du veit av di nokon har kviskra det i øyret ditt, er privat. Er noko privat, vil det og seia at du ikkje skal snakka med andre enn Daniel om det.)

Er det greitt å setja seg med Daniel på bussen?
Mange likar å sitja åleine på bussen, difor er dette ein grei ting å svara på. Daniel har ikkje noko imot om nokon sit ved sidan av han på bussen. Spesielt ikkje viss han kjennar dei. Viss han kjennar dei er det faktisk ein fordel om dei set seg med han på bussen, å gå rett forbi er frekkheit.

Er det greitt å snakka med Daniel om sexlivet sitt?
Ville du dratt ned buksa og fått ei utlausing i andletet på Daniel her og no? Viss nei; ikkje snakk om sexlivet ditt med mindre du får lov. Viss ja; ha deg vekk. Det er generelt få menneske som får lov å snakka om den slags. Snakk med nokon andre.

Tykkjer Daniel koffert-humor er morosamt?
Ja, men kun viss det faktisk handlar om ein koffert. Viss det ikkje handlar om ein koffert, er det svært sjeldan morosamt. Kofferthumor er ikkje meir morosamt enn humor som handlar om å gå på do eller om å vaska seg, kun mindre kreativt. Uansett kva du seier har ein høyrd det før.

Er det greitt å gjeva Daniel ein klem?
Det er alltid greitt å gjeva Daniel ein klem. Uansett kven du er, kvar du er og når det er.

Kva gjer du viss Daniel ikkje svarer?
Bytt til ei anna form for kommunikasjon. Det går an å kommunisera utan å nytta stemmebanda. Ver kreativ.

Er det meir du lurer på, meir praktisk informasjon om korleis nytta ein Daniel, som hadde vore fint å ha i denne manualen? Spør vekk! Og viss du skriv din eigen manual, legg gjerne link i kommentarfeltet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s